Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

november 2019Monthly Archives

Bøneressursar

11.desember 2019
9.desember 2019
25.november 2019

 

Neste gudsteneste blir den 8. desember kl 11

Pastor Jens Thoresen

Då vil pastor Jens Thoresen tala ut frå Salme 33,1-6 der me som kjenner Jesus blir oppfordra til å ropa høgt for Gud og lova han rett og slett fordi det er RETT! Vel møtt då :). Under talen vil Marianne Sjursen og Annbjørg Notland Reinertsen baka julekaker med barna.

I dag ber me for

23.november 2019

Tale 17.nov. «Forfølging, kva er det?» Pastor Jens Thoresen

Søndag for forfølgde kristne

Komande søndag blir fokus på Martyrkyrkja. Rundt 250 millionar kristne i verda er på ein eller annan måte utsett for forfølging pga trua si. Kyrkjer vert rivne eller stengde. Kristne vert diskriminerte på arbeidsmarknaden, andre får ikkje ta utdanning, mange vert arresterte, torturerte og idømt kortare eller lengre fengselsstraffer. Nokre vert dømde til døden, og  over 2000 vert drepne kvart år i terroråtak og regulære utanomrettslege avrettingar. Dette føregår i heile Midt-Austen, i Kina, Laos, Myanmar, Indonesia, Eritrea, Nigeria, berre for å nemna nokre plassar. Men tyngst er det i Nord-Korea der det å nemna Jesu namn blir lønna med døden.

Men desse tinga skal ikkje sjokkera oss i det heile tatt. Jesus sa: «Ein tenar kan ikkje bli handsama betre enn herren sin». Og Paulus skriv: «Alle som vil leva gudfryktig i denne verfda skal bli forfølgde».

Talen vil handla om desse tinga. Så vil me ta opp kollekt til Stefanusalliansen som jobbar for å gjera livet så lett som råd er for kristne som er utsette for grov urett.

Etter gudstenesta blir det middag for alle som vil ha, og etter det blir dei ein times bøn for våre trussøsken som sit i fengsel.

Alt vil me prøva å gjera så barnevenleg som mogeleg.

Velkomen i Kristkyrkja kl.11.

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?