Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

november 2016Monthly Archives

Dei åndelege gåvene. Tale av Marit Helen Aas 27.november

http://www.mediafire.com/file/8ljbdvev3bpdslt/2016.11.27_Dei_%C3%A5ndelege_g%C3%A5vene._Marit_H_Aas.WAV

«Herren har teke bort mi vanære mellom folk». Andakt

Gudsteneste søndag 27.nov

marit-50-arSøndag er alle hjarteleg velkomen til gudsteneste i Bjellandsvegen 51. Det er Marit Helene Aas som skal tala, og emnet hennar er «dei åndelege gåvene», og teksten er 1.Korintarbrev 12.

Elles er det jo første søndag i advent, noko som skal markerast på skikkeleg vis 🙂

Biskop Halvor Nordhaug «kasta lys» over årets fakkeltog

halvor-nordhaug-2Biskop Halvor Nordhaug heldt ein krafig appell for forfølgde kristne på torget. Noko over hundre frammøtte fekk høyra om kva kostnadar det inneber for menneske i Iran og Saudi Arabia å konvertera frå islam til kristen tru. Han fortalde om diskriminering, yrkesforbod, fengsling og endå til tap av liv for konvertittar i desse landa. Problemet er massivt og aukande, og det er all mogeleg grunn  for oss å protestera og mana til bøn og omsorg for våre kristne trussøsken som er utsette for denne typen urett, appellerte biskopen.

Fakkeltoget gjekk frå torget til kyrkja der sokneprest Eirik Aadland Tappel heldt ein framifrå tale ut frå Matteus 5,1-11, der han presiserte at ingen blir lukkelege av å ha det elendig, men elendige er lukkelege når dei har Gud. Difor er forfølgde kristne lukkelege menneske. Himmelriket er deira.

Elles var det fin song av koret Ichtus og av Heidi Rolfsnes, og soknerådsleiar Åsa Rygg las eit nylaga dikt som gjekk forsamlinga rett til hjarta.

fakkeltog-2016Fakkelbærarane var lydhøyre for biskopen sin bodskap

knut-vikestrandEin av dei frammøtte var Knut Vikestrad

 

Redigert tale frå 13.november

http://www.mediafire.com/file/znuptyj4wth683a/Bli_fylte_av_Anden

Han skal venda fedrehjarto til barna. Andakt

http://www.mediafire.com/file/uxmla8vuaeu8u5m/Lukas_1%2C17._Ei_farsvekkjing

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?