Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Bøn for dagens unådde folkeslag

https://joshuaproject.net/pray/unreachedoftheday/today

Gode Gud og Far! Du er den rette far for……. i ……... Men enno kjenner dei ikkje deg, og eg ber: Gjer deg kjent for dei! Send visjonære og brennande misjonærar til dei som introduserer deg, dine sanningar, di kraft og din kjærleik for dei, og som gjev dei ditt livgjevande ord. Herre, dei treng å forstå at dei ikkje kan bli frelst gjennom gjerningar eller religiøs seremoniar, men berre ved å ta imot di frelse i Jesus Kristus som ei gåve. Aus Anden ut over dei slik at dei ser sine synder, og Jesus som frelsaren frå all synd, og løys dei frå religiøse åndsmakter. 
Må ………… få Bibelen på det eller dei språka som dei forstår best. Gje .......folket gode kår i samfunnet. Hjelp familiane å vera gode mot kvarandre, og eg ber om samhald, truskap og kjærleik i familiane.  Eg ber også om at alle vaksne skal leva edrueleg og ansvarleg. No ser eg fram til at…….. skal bli innlemma i din familie, og at det skal etablerast ei levande og dynamisk …………-kyrkje som kan kan formidla deg til ……..på ein kraftfull og truverdig måte. Amen!


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?