Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Gudsteneste 13.september

Neste gudsteneste vert 13.september kl. 12. Då vil pastor Jens Thoresen tala over 1.Peters brev 1,13-17. Tema for talen: «Ver vakne!» Bibelens bodskap er krystallklår: JESUS KJEM SNART, og var det sant for 2000 år sidan, er det enno meir sant i dag. At han enno ikkje er komen har sin grunn i det enkle faktum at Jesu frelse enno ikkje er gjort kjent for alle folkeslag. Men den tida nærmar seg med stormsteg, difor: VER VAKEN!

Kong Harald (1937-2026)

Kong Harald døydde i går, 28.august. På gudstenesta i morgon vil me minnast kongen, takka Gud for det han var for Noreg, og be for familien hans. Noreg har mista ein omsorgsfull, humørfylt, pliktoppfyllande og klok konge. Me lyser fred over minnet hans.

Tale frå søndag 23. august

Velkomen til gudsteneste søndag 30.august

Tale v/Knut Arve Nordfonn.
Tema: Bryt ut i jubel
Tekst: Salme 81,1-11

Knut Arve Nordfonn

Gudsteneste 23.august

Velkomen til gudsteneste for heile familien søndag 23. august kl 12. Pastor Jens Thoresen talar. Tema: «Han som gjev den trøytte kraft, og den som ingen krefter har gjev han stor styrke».

Gudsteneste 16. august

Velkomen til gudsteneste søndag 16. august kl 12. Pastor Jens Thoresen vil då tala over Johannes 10,1-9, som m.a. handlar om kristent leiarskap. Kva særpregar ein sann kristen leiar? Kva er typisk for ein kyrkjeleiar som i realiteten ikkje kjenner Jesus?