Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Den usynlege Gud

Far i himlen, vår Skapar!
Du har valt å openberra deg for oss menneske gjennom Sonen din Jesus Kristus.
Det er framleis vanskeleg for oss å tenkja oss til korleis du ser ut, men Jesus sa i alle fall at den som har sett Han, også har sett Deg.
Han kom for å syna oss korleis du er.
Gjennom hans gjerningar veit me at du er omsorgsfull, nådefull, tilgjevande, sein til å bli sint og rik på kjærleik.
Jesus demonstrerte for oss at du likar folk. Du elskar oss, og ønsker at me skal ha fellesskap med deg.
Takk at du, gjennom Jesu Kristi død og oppstode har gjort det mogeleg for oss å kjenna deg. Me ber: Kan du ikkje enno ein gong openberra deg sjølv for oss medan me i denne tida feirar at Jesus fòr opp til himmelen og sette seg ved di høgre hand?
Jesus bad deg jo om å openberra for oss den herlegdomen du hadde gjeve han.
Me treng openberring, og til å bli forvandla etter hans bilete medan me kviler augo våre på deg og han.
Vår verd treng ei openberring av den sanne Gud.
Som kyrkje lengtar me etter at du manifisterer deg midt i mellom oss, og at du kjem til folk gjennom det meg gjer.
Elsk gjennom oss, syn miskunn gjennom oss og demonstrer di rettferd gjennom det me tenkane, orda og gjerningane våre.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?