Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

mai 2018Monthly Archives

Strålande dag og herleg gudsteneste på Halsnøy

Marie Notland, Marit Aas saman med Kjartan Mehammar, formann i Halsnøy indremisjon.

Etter gudstenesta på Zoar bedehus i dag, reiste me heim med gode kjensler. Me fekk oppleva eit herleg fellesskap, kjent lovsong og Guds  gode nærvær.

Pastor Jens Thoresen talte om emnet «vekst», og bodskapen vart godt motteken av kyrkjelyden. Zoar Halsnøy, 27.mai 2018. Her er manuset for denne talen. Me får koma attende til lydfila seinare, som vonleg er betre 🙂


 

 

 

Bibelrefleksjon 19. mai 2018, Lukas 3,7-14

180519 Lukas 3,7-14

Godhet 2018

Godhet 2018 nærmar seg fort. 28.mai startar me opp, og dersom du vil vera med, eller dersom du treng hjelp med noko, ta kontakt. Det kan du gjera på www.godhet.no  (følg innstruksen), eller du kan bruka mailadressa godhetstord@gmail.com. Telefon: 47415864.
På bilete ser du årets styre. Frå venstre: Jarle Steinsland, Knut Vikestrand, Marit Helene Aas og Jens Thoresen (i kneståande). Torill Myhre var ikkje til stades under fotosesjonen.

Friluftsgudsteneste pinsedag

Søndag blir det friluftsgudsteneste på friområdet ved Sæbø gard, og etter gudstenesta blir det grilling. TA MED GRILLMAT. Pastor Jens Thoresen skal tala om Den heilage ande og hans gode verknader på liva våre. Vel møtt, store og små. GUDSTENESTA STARTAR KLOKKA 12.

Dagens bibelrefleksjon: Tankar rundt Kristi himmelfart

180510 Kristi himmelfart

For folk flest er Kristi himmelfartsdag ein fridag. For dei fleste kristne er han også det. Men for alle betyr denne dagen alt. Lytt til dagens refleksjon.

Gårsdagens bibelrefleksjon

180509. Johannes døyparen står fram

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?