Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

februar 2020Monthly Archives

Programendring: Gudstenesta komande søndag blir på Salem, Moster.

Me har bestemt oss for å gå på møte i bedehuset Salem på Moster søndag 23.februar. Grunnen til det er følgjande: Nina og Bjarne Notland m/familie er nett komen attende etter eit halvt år på DTS på Hawai og misjonstur til USA. Dei er fulle av inntrykk som dei vil dela med oss på søndag. Sidan mange av oss kjenner denne familien godt, tenkte me at det ville vera kjekt for oss, og me er sikre på at det vil vera heilt topp for alle andre også.

Etter møtet er me invitert heim til Ingvild og Knut Arve på middag. Fint å få eit nokolunde rett tal på kor mange som vert med, så gje meg (Jens Thoresen) gjerne eit ord. Tlf 47415864, eller på mail: pastor@kristkyrkja.no

Møtet startar kl. 11. Salem ligg til høgre langs vegen frå Røyksund til Mosterhamn, omlag 1 -2 km frå Røyksund, eit stykke forbi Moster kyrkja, i nærleiken av skulane og idrettsplassen.

Ettertanke og bøn

«Framfor alt legg eg dykk på hjartet å bera fram bøn og påkalling, forbøn og takk for alle menneske.  Be for kongar og alle som er i leiande stillingar, så vi kan leva eit stilt og fredeleg liv med gudsfrykt og vørdnad i alt vi gjer.  3 Dette er godt og noko Gud, vår frelsar, gleder seg over,  han som vil at alle menneske skal bli frelste og læra sanninga å kjenna.» 1.Timoteus 2,1-4

 17.februar i 2020

Flunkande ny konfirmasjonsbok frå Kristkyrkja!

Då har me i Kristkyrkja gleda av å kunna presentera eit flunkande nytt konfirmasjonsopplegg som me har kalla «Meir enn ALT!» I Efesarbrevet står det at Gud er mektig til å gje oss meir enn ALT med har vit til å be om.  Og så er Gud større enn alt som me kan sansa med og utan instrument. Me er stolte over å kunne presentera dette opplegget, , og me vågar påstå at alle som vel å følgja denne undervisninga vil bli godt kjent både med Gud og Bibelen, og få eit solid fundament for liva sine.

Døme på emner som me vil koma innom er: Meininga med livet, Guds hjarta, barnet som var Gud, Jesu dåp og din dåp, Jesu Kristi kross, du, ein disippel, Han lever, og det store oppdraget,  berre for å nemna noko.

«Meir enn ALT» vil også eigna seg godt som grunnopplæring for nye eller ubefesta kristne. Her trur me det vil vera gode ting å henta for einkvar.

Det er sjølvsagt mogeleg for alle som er konfirmantar året 2020-21 å bli Kristkyrkjekonfirmantar. Elles kan kyrkjelydar kjøpa opplegget til ein heller rimeleg sum om ein er interessert i å bruka det.

 

Tale på Soar 16. februar. Tekst: Matteus 17:1-8. Pastor Jens Thoresen.

Gudsteneste søndag 16.februar.

Komande søndag er det Marit Helene Aas som skal tala på gudstenesta. Teksten er Matteus 17:1-8, og handlar om då Jesus vart herleggjort for Peter, Johannes og Jakob på det mange meiner var Taborfjellet aust for Nasaret. I denne teksten står kong Jesus fram i sin herlegdom, og Moses og Elia kjem ned frå himmelen for å snakka med han om hans død. Det var ein viktig samtale.

Jesu disiplar gløymde aldri denne hendinga, og omtalar henne fleire gongar seinare. Vel møtt til store og små.

Såmannssøndagen

Pastor Jens Thoresen

Komande søndag, den 9.februar, er det Såmannssøndagen.
Teksten me skal tala over er Lukas 8:4-15. Det einaste som kan bringa Guds liv inn i hjarto våre er Guds ord, for Guds liv ligg i Guds ord, og berre der.
Verda ropar etter Guds ord, og i Kina er biblar ei stor mangelvare. Denne søndagen skal me difor samla inn pengar til trykking av spreiing av biblar til Kina. Det vil gjera mange glade. Guds ord har stor framgang i Kina i denne tida, og skal alle nye kristne bli bevart hos Jesus og i ei sunn tru (det er mange tilfeller av usunn lære og også direkte vranglære), treng dei biblar, og det skal me vera med å bidra til denne søndagen.

Det er pastor Jens Thoresen som talar på søndag.

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?