Det vart ein fantastisk fin konfirmasjonsdag for Juliana Mohammad i dag. Strålande sol, om enn litt kaldt i lufta. Det var god stemning frå start til slutt. Gjestene var i godt humør, som seg hør og bør, og Juliana svarte elegant på alle spørsmål ho fekk om den kristne trua frå pastor Jens Thoresen, og på festen etterpå talte ho som ein prest.
Det var ho ikkje åleine om. Ho fekk mange fine helsingar, og spesielt gjorde det veninna Lea sa, inntrykk både på Juliana og alle som var til stades. Det var gode ord frå hjarta.
Her er ein oppsummering av talen søndag
http://www.mediafire.com/file/p81lzu33awawhio/Efesarbrevet_2%2C8-10.m4a



Komande søndag blir det konfirmasjon i Kristkyrkja. Det er Juliana Mohammad som skal konfirmerast. Ho har i laupet av dette siste skuleåret fått opplæring i dei grunnleggjande kristne sanningane, og me har snakka mykje om kva det vil seia å leva som kristen. Under gudstenesta vil ho sjølv fortelja litt om kva dette året har betydd for henne. Elles vert det eit rikhaldig program. VEL MØTT TIL ALLE!


