Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

november 2017Monthly Archives

Refleksjon over Lukas 2,1-7

http://www.mediafire.com/file/275citcfygjzy7a/2017_11_25_Lukas_2%2C1-7.mp3

Trua kjem av forkynninga

Tale av Marit Helen Aas 10.november.
http://www.mediafire.com/file/kb2k0lhjwh0w2p6/2017_11_19_11_49_22_Marit_tale.mp3
 

Vellukka fakkeltog og temamøte

Rundt 200 menneske gjekk i fakkeltog for dei fofølgde i går kveld. Hovudtalar ,Tim Peters, sa at han var imponert over at ein by med under 20 000 innbyggjarar kunne stilla med så mange i tog for denne saka. Tim bur i Seoul. Der er det 15 millionar menneske, mange kristne, men å samla 200 menneske for dette føremålet kunne han ikkje ha klart.

80% av alle menneske i verda bur i land der menneskerettsbrot er heilt vanlege overfor minoritetsgrupper. Dei fleste som er utsette er kristne

 

Lisa Winter frå Stefanusalliansen heldt appell på torget der ho fokuserte på enkeltmenneske som vert utsette for forfølging pga trua si.

 

Tim Peters fortalde frå arbeidet sitt i med nordkoreanske flyktningar i Kina. Dei blir svært fort offer for menneskehandel om dei ikkje blir arrestert, eller får hjelp til å koma seg vidare.  Helping Hands Korea driv på med å plukka opp desse stakkars menneska og få dei til Sør-Korea via Thailand eller Mongolia. For få timar sidan vart ei gruppe på ti nordkoreanske flyktningar arresterte av kinesisk politi, og dei vil snart bli sendt attende til fangeleirar og tortur.

Tim Peters kunne dela heilt ferske nyhender med forsmalinga om den totale mangel på trusfridom i Nord-Korea, og korleis regimet i landet fører ein politikk som påfører befolkninga svolt og underernæring.

 

Heidi Rolfsnes leida lovsong glimrande saman med Britt Kristin Ladehaug.

 

 

 

Fakkeltog for forfølgde 9. november. Ver med. Syn engasjement.

Møt fram på Leirvik torg i god tid før kl 18. Tim Peters blir med som talar. Lisa Winter held appell på torget. 

Tale av Stan Donn i Stord kyrkje 9 .november

Varmt, enkelt, tydeleg, levande og utfordrande. Lytt her og enjoy: http://www.mediafire.com/file/62cb5xk3plrdl3p/2017_11_01_Stan_Donn.mp3

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?