Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

september 2016Monthly Archives

Bibelkurs 4.-7. oktober

Jens, profil4.-7. oktober blir det BIBELKURS i Kristkyrkja. Då vil pastor Jens Thoresen undervisa om Filipparbrevet. Møtene startar 19.30 og varer til 21.

Filipparbrevet er blitt kalla «gledens brev.» Det er fordi gleda i Gud er eit hovudtema i brevet, og fordi Paulus hadde så stor glede av kyrkjelyden i Filippi, noko han uttrykkjer fleire gongar i brevet.

Denne veka vil bli rasande interessant for alle som er med, kanskje til og med ein augneopnar 🙂

Gudsteneste søndag 2.okt.

marit-50-arSøndag er du velkomen til gudsteneste i Bjellandsvegen kl. 11. Marit Helene Aas talar om den blinde Martimeus som fekk synet sitt attende. Det blir utdeling av biblar til ungdomane i kyrkjelyden. Annbjørg N Reinertsen skal ha søndagsskulen.

Etter gudstenesta vert det kyrkjekaffi. Då vil Mona Beate Odland lesa eigne dikt og fortelja om dikta sine.

VEL MØTT TIL ALLE!

Tale 25. sept. Jesus lækjer ein som har vore lam i 38 år

http://www.mediafire.com/file/kl2furom37gi8e9/2016.09.25._J._Thoresen._Joh._5%2C1-15._WAV

Bibelrefleksjon: «Vitne og evangelist»

http://www.mediafire.com/download/rd6d47zl48snc8u/Vitne_og_evangelist.mp3

Gudsteneste 25.september. Tema: «Vil du bli frisk?»

jens-7Komande søndag, den 25 september, samlast me igjen til gudsteneste kl. 11. Pastor Jens Thoresen vil tala over emnet :»Vil du bli frisk?» Tekst: Johannes 5,1-17. Det blir søndagsskule for barna. Velkomen til lovsong og fellesskap. Som alltid blir det høve til forbøn.

Omvend dykk! Ein bibelrefleksjon

http://www.mediafire.com/download/h716e9kxdo4h9q3/Omvend_dykk%21.wav

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?