Ei bøn for Kristkyrkja på Stord
- Herre Jesus! Eg talar liv, fred og kraft over Kristkyrkja på Stord. Vekk opp til tru der trua manglar. Frels dei fortapte. Må alle som ikkje kjenner deg, bli kjent med deg og venda om til deg av heile sitt hjarta.
- Må me alle veksa i nåde og kjennskap til deg.
- Eg ber om at kyrkjelyden skal vera prega av einskap, harmoni, sanning, tru, håp, kjærleik, glede, fred, kraft og framdrift, og vara oss mot alle freistingar slik at me ikkje fell i synd, og slik at me ikkje snur ryggen til deg, du som er vårt liv og vårt einaste håp.
- Eg ber om at me alle skal vera fylte av Den Heilage Ande, fungera som sanne og
kraftfulle vitne om deg i kvardagen, ha stort overskot, utstråla glede og vera ved god helse.
- Eg ber om at under og teikn skal skje når me samlast til gudsteneste, og når me ber for folk ute på gata eller andre plassar.
- Eg ber om at barna og dei unge må bli bevarte i trua på deg, at dei skal kjenna deg, og utvikla eit sterkt og nært personleg forhold til deg, at du opplyser dei slik at dei ser kva rikdomar dei har i deg.
- Eg ber om at dei unge må bli glad i Bibelen og i fellesskapet, bli sterke i Gud, læra seg å gå med deg i kvardagen, erfara bønesvar, oppleva Andens kraft i liva sine og lat dei få fryda og gleda seg i deg.
- Eg ber om at me skal få utvikla eit sterkt bønearbeid som munnar ut i ei bønerørsle.
- Likeeins eit sterkt evangeliseringsarbeid, at mange nye skal koma til tru, og bli lagde til kyrkjelyden.
- og gje oss den gleda at me kan arrangere Godhet igjen
- Eg ber om at me må få høve til å planta nye kyrkjelydar, og om di leiing i så måte.
Under denne vignetten vil du finna bøner som du kan be i din daglege omgang med Gud. Det vil vera bøn for Norge, unådde folkeslag, nasjonar, forfølgde kristne og aktuelle situasjonar, nylaga bøner, men også gode bøner frå eldre tider.