Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

august 2019Monthly Archives

«Den himmelske mann» til Stord laurdag 21.september

Den 21.september får Stord for tredje gong besøk av broder Yun, den kinesiske kyrkjeleiaren som ein gong fekk tilnamnet «Den himmelske mann». Broder Yun er sjølve symbolet på den kraftige forfølginga mot kristne som me var vitne til i landet frå 1970-årene og fram mot år 2000, ei forfølging som dessverre dei siste par åra har teke seg kraftig opp att. Yun vart fødd i ein barnerik familie i Henan-provinsen på slutten av 1950-talet, og vaks opp i ei tid… Continue reading »

Gudsteneste 1.september

Søndag er du hjarteleg velkomen til gudsteneste klokka 11. Det er Marit Helene Aas som skal tala, og emnet hennar er det tredje av dei ti boda: «Du skal halda kviledagen heilag!» Det er ingen tvil om at skal me lukkast i liva våre, må me ta dette bodet seriøst. I våre dagar er det ein ganske fjern tanke for dei fleste at dette skulle vera noko viktig. Men dukkar du opp på søndag, er eg sikker på at du vil forstå. Vel møtt med alle dine 🙂

 

Til ettertanke og bøn 28.august

28.august 2019

Tru, seksualitet og samliv. Innleiing til samtale i Leirvik bedehus.

Vidunderleg dåpssøndag

Me fekk ei kanonbra dåpsgudsteneste, med variert program og veldig god stemning. Petra Angeltveit Thoresen vart døypt, og ho såg ut til å trivast med oppmerksomheten.

Dagens tale. Tema: «Jesus og Nikodemus!»

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?