Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Ei bøn for Israel og jødefolket

menorah-13Herre, dette folket er ditt.
Du har valt dei ut mellom alle andre folk
forat dei skal prisa namnet ditt,
forkynna ordet ditt
og vera ein lovsong på jorda.
Ver nådig mot dei, lær dei dine stigar,
velsign dei og bevar dei frå det vonde!

Me ber:
Lat ditt andlet lysa i Israel
og for det jødiske folket i alle land,
slik at din veg kan bli kjend på jorda,
di frelse mellom alle folkeslag.
Då skal folka skal prisa deg, Gud,
ja, alle folk skal prisa deg.

Herre! Du har bygd Jerusalem som ein heil og  udelt by,
og dit dreg stammene dine opp.  Der skal dei samlast.
Det er ei lov for Israel at dei skal prisa ditt namn der.
Me ber om fred for Jerusalem!
Må dei som elskar byen, leva trygt!

 Aus din Ande din ut over han,
slik at dei som bur der kan sjå deg,
du som vart gjennomstunge,
gråta over deg og finna frelse, fred og lækjedom
i dine sår.

Må du trygga Israels grenser og verna folket mot forfølging, 
militære åtak og terrorisme.
Må dei som enno er i diaspora, trygt få venda attende til heimlandet sitt,
ta det i eige og utvikla det til å bli ein blomstrande hage,
til velsigning for alle menneske. Amen!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?