Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

april 2023Monthly Archives

«Frå Mao til Gud», Tania Michelet til Stord

Tania Michelet er dotter til den vidgjetne forfattaren Jon Michelet, Ho vaks opp i ein heim prega av kommunisme, ateisme, konfliktar og sorg. Dette skriv ho levande om i boka si: «Fra Mao til Gud». Men midt oppi alt kaos, var Gud hos henne, og ho visste det. Tanja vart døypt i vaksen alder, og etter at ho stod fram som kristen, har ho vore invitert til kyrkjer og bedehus over heile landet for å fortelja historia so og halda føredrag. Torsdag 4.mai kjem ho til Stord, og du kan høyra henne i Stord kyrkje. Arrangementet startar kl 19 og kostar 150 kroner. Barn under 12 år går gratis. Arrangørar er Sunnbok og imf Stord

Bibelpodkast.

5.mai 2023

Gudsteneste 23.april

Velkomen til gudsteneste komande søndag, den 23.april kl 12. Tale v/pastor Jens Thoresen.

Vellukka Solgryhelg



Denne helga arrangerte med weekend på Solgry. Om det var kjølig luft, så velsigna sola oss med varme stråler slik at me kunne vera mesteparten av tida utandørs. Ungane storkosa seg med mange ulike aktivitetar (som Go-cart) og nokre fann seg nye vener, og dei vaksne såg ut til å klara seg godt dei også. Gode møter og god stemning frå A til Å.

Tale på langfredag av pastor Jens Thoresen

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?