Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

mai 2016Monthly Archives

Godhet Stord 2016 i full gong

Så er Godhet Stord 2016 i full gong. Det er komne inn elleve oppdrag så langt, og om lag 15 har meldt seg på for å jobba. Nokre starta alt på fredag, men i dag gjekk det eigentlege startskotet. Eitt hus skal malast, ei stor grein skal sagast ned, eit kjøkken skal vaskast, likeeins nokre vindauga, ein hage skal ryggjast osv. Folk er skikkeleg gira på å koma i gong, og her er nokre få inntrykk frå dagens arbeid. Her har me montert stillas med tanke på vasking og maling av eit hus på Haga. Vaskinga tok me i dag,  og så maler me på onsdag.

Skrubbing. Dag 1Terje og Leifen ler godt. Dag 1

Astrid Røgenes skrubbar hus.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Stillasarbeidar Terje Thoresen hjalp til med å montera stillas. Her i munter samtale med Leif Magne Nordfonn.


«7 ting eg gjerne skulle ha visst då eg var 16». Lovsongsseminar med David Andrè Østby 28.mai

David Østby 28.maiKva skulle du gjerne ha visst før du var 16? Her er David Andrè Østby si liste som han lanserte på lovsongsseminaret sitt i Leirvik bedehus 28.mai. Han var på Stord i samband med lanseringa av den nye plata til John Inge Rolfsnes. Her er ein oppsummeiring av undervisninga: Han ville gjerne ha visst ….

  1. at lovsong ikkje handlar om MEG, men om GUD,
  2. at lovsong ikkje er ein musikkstil, men ein livsstil. Gud vil ha tilbedarar, ikkje tilbedelse, Johannes 4,23,
  3. at det synlege er eit uttrykk for det usynlege, at det som kjem ut i form av sang og musikk er eit uttrykk for det eg har inni meg,
  4.  at det ikkje finst snarvegar til modenheit,
  5. et eg kan berre vera meg sjølv. Alle andre er opptekne,
  6. at å vera ein leiar er å vera ein tenar,
  7. at KVIFOR er alltid viktigare enn KORLEIS.

Gode poeng både for lovsongsleiarar og for lovsongarar.

Weekend på Solgry 3.-5.juni

Solgry 2014, hopp i havet3.-5. juni reiser Kristkyrkja på weekend til Solgry, igjen, og folk gleder seg VELDIG. Kyrkjelydsweekenden i mai-juni har no vore tradisjon i mange år, og  når me reiser heim synest me alle at det er alt for lenge til neste gong.

Enno har me ledige plassar. Det er berre å melda seg på til Marit Helene Aas. Skriv ein mail til marit-ha@online.no.

Her er program for weekenden med prisar og det heile:

Solgry 2016


Tale 22.mai. Den Heilage Andens gjerning II

Jens, profilhttps://www.mediafire.com/folder/c7h1q5s4pl8h1hl,ddw1f8puywp9n9n/shared

 


Godhetsveka 2016 – 30.mai til 3. juni. Påmelding og innmelding av behov.

Lisbeth og JensSnart skjer det. Godhet 2016 går av stabelen på Stord frå 30.mai til 3. juni. Då vil me visa Stords befolkning korleis Jesus ser ut, for å bruka Martin Cave sitt uttrykk.

BLIR DU MED?
Kva det inneber? Vel, det handlar om å setja av nokre timar  om frå 17-21 èin eller fleire dagar denne veka  for å hjelpa folk med arbeidsoppgåver som dei ønskjer å få gjort. Denne veka er alle tenester heilt gratis. Me berre velsignar folk med litt av det som den gode Gud har gjeve oLss av kløkt, positivitet, kraft og helse.

PÅMELDING
Gå inn på www.godhet.no og registrerer deg som deltakar inder «vil du hjelpe?» (oppe til høgre på sida). Du møter opp på kyrkjekontoret på Thiisafabrikken i Hamnagata i god tid før kl 17 den eller dei dagane du set av til dette.

TRENG DU HJELP? Livet går i fasar. Det hender at kroppen sviktar, eller at ting av andre grunnar hopar seg opp. Då vil me gjerne vera til hjelp.

INNMELDING AV BEHOV.
På internett:
Gå inn på www.godhet.no og registrera deg. Trykk på «trenger du hjelp», fyll ut skjema og send inn.
Telefon:
Ring 53403440 og spør etter Lisbeth Nygård. Ho er soknediakon og er leiar for Godhet Stord.


Med evangeliet til nattfolket

Evangelisering 14.maiNatt til første pinsedag var me fire stykker som var ute for å evangelisera på Leirvik torg. Lappekakene med tilbehør er alltid like populære, og me får mange gode ord frå folk som kjenner seg verdsett og velsigna. Rart kor noko varmt i livet opnar for den gode samtalen.

Unge menneske er opne for Gud. Dei tek seg gjerne god tid for å prata om livsens store spørsmål. Det er spanande å oppleva at Gud går framfor oss og let oss møte personar som han har jobbe med i forkant. Me trur at godleik i kombinasjon med offentleg forkynning og inderleg bøn til Gud, er nøkkelen til vekkjing på Stord.

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?