Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Jens ThoresenAuthor Archives

Neste gudsteneste blir 11.oktober kl 12

Då vil pastor Knut Arve Nordfonn tala om Jesus som livsens brød

Gudsteneste 27.september

Velkomen til gudsteneste den 27.september kl 12.
Pastor Jens Thoresen vil tala over emnet «Kostbar tru».
Guds frelse er gratis. Men det følgjer alltid ein kostnad med å tru på Jesus, og særleg dersom me fortel om han til andre. Johannes døyparen måtte betala med livet sitt, og mange med han. Hans Nielsen Hauge vart fengsla fordi han frimodig vitna om Jesus. Han måtte betala med fridomen sin slik som tusenvis av evangeliske kristne i Eritrea opplever det den dag i dag. Frå mange muslimske land høyrer med om nye kristne som blir kasta ut av familiane sine og gjort arvelause fordi dei har valt «den gode del». Det er dette eg meiner med «kostbar tru». Den forfølgde kyrkja fortener at me står opp for henne, talar hennar sak, ber for henne og hjelper henne praktisk og økonomisk. Kom og høyr meir på søndag.

The Send med kraftig misjonsappell

Laurdag kveld gjorde omlag 30 unge menneske til kjenne at dei ville vigsla liva sine til misjon blant dei unådde folkeslaga. Dette var ei sterk stund unde Good Newsfestivalen.

Pangstart på Good News-festival

Heftig lovsong.

Krystallklår bodskap.

Opne hjarto.

Good Newsfestivalen er i gong.

Good News

Komande helg, 18-20. september er Kristkyrkja med på ungdomasfestivalen Good News på Vikahaugane.

Gudsteneste 13.september

Neste gudsteneste vert 13.september kl. 12. Då vil pastor Jens Thoresen tala over 1.Peters brev 1,13-17. Tema for talen: «Ver vakne!» Bibelens bodskap er krystallklår: JESUS KJEM SNART, og var det sant for 2000 år sidan, er det enno meir sant i dag. At han enno ikkje er komen har sin grunn i det enkle faktum at Jesu frelse enno ikkje er gjort kjent for alle folkeslag. Men den tida nærmar seg med stormsteg, difor: VER VAKEN!