Komande søndag er det pastor Jens Thoresen som skal tala på gudstenesta, og teksten er Matteus 8,1-4, og handlar om at Jesus lækjer ein spedalsk mann. Det er ei kort forteljing med mange fine element i. Her møter me Jesus som den som aldri seier nei til eit menneske i naud som vender seg til han. Det gjeld også deg, kjære lesar. Kom og lytt til Guds ord. Det har kraft i seg både til å lækja og frelsa.
Komande søndag er du hjarteleg velkomen til å høyra på Håkon C Hartvedt som både vil tala og syngja på gudstenesta vår. Det veit me blir kjempebra. Gudstenesta startar som vanleg kl 11
Eg kvir meg til å skriva dette innlegget. Mange vil mislika det, og nokre bli sinte. Det får våga seg. 15.september skal det vera Pride-parade på Stord, og Gud sørgjer. Ikkje fordi han er fornærma, men fordi han elskar oss, og fordi han veit at det einaste som kan gjera oss lukkelege er at me følgjer han og er lydige mot hans bod. Men no hyttar me knyttnevane våre mot han, og bed han om ikkje å blanda seg inn… Continue reading »
Det vart ei lærerik og fruktbar evangeliseringshelg i Kristkyrkja. Leiar for Open Air Campagners, Hartvig Kloster, heldt kurs for kyrkjelyden og andre interesserte i gateevangelisering fredag og laurdag. Laurdag var han og lærlingane ute på Leirvik torg for å dela evangeliet med «folk i farten». Det vart mange flotte samtalar, og Kloster demonstrerte korleis me kan bruka teiknetavle for å fortelja om Jesus og hans frelse på ein artig og kreativ måte.
Asia Link
Asia Link er ein misjonsorganisasjon som støttar og inspirerer nasjjonale evangelistar i 11 asiatiske land.
Global bøn
Gud formanar oss i 1. Timoteusbrev å be for alle menneske fordi han vil at dei skal bli frelst og læra seg å kjenna sanninga. Har får du hjelp til akkurat DET.
Les Bibelen med Jens
Gjennomgang av bøker i Bibelen, vers for vers der målet er å opplysa, inspirera og utrusta
Likkledet i Torino
Mysteriet, oppdaginga og bodskapen i verdas mest utforska objekt
Pastorbloggen
Pastor Jens Thoresen skriv her om ting han synest er viktige
Samlivsbanken
Undervsining om Bibelens samlivsetikk. Her er det mange ressursar til bruk i ulike kristne samanhengar. VIKTIG!