Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

november 2023Monthly Archives

Fråsegn frå kyrkjelydsrådet: Me støttar Israel

Den 7.oktober gjekk  Hamas til åtak på Israel. Det var eit uvanleg simpelt åtak retta mot forsvarslause, sivile menneske. Det vart ein massakre som kravde minst 1200 menneskeliv, femten gonger så mange offer som det me sjølve opplevde  22.juli 2011 då 77 menneske vart brutalt drepne i regjeringslokala i Oslo og på Utøya. Denne tragedien er den dag i dag eit massiv traume i nasjonen. Me vil som kyrkje markera at me ikkje berre innrømmer Israel ein rett til å… Continue reading »

Dåpssøndag

I går, den 26. november, vart fem ny truande døypte i Kristkyrkja. Alle er mellom våre nye landsmenn. Det vart ei høgtidssam stund både for dei fem, og for alle frammøtte. Etter gudstenesta var det kyllinggryte, kaker, saft og kaffi.

Gudsteneste med dåp

Komande søndag blir det dåpsgudsteneste. Det er fem nye kristne frå Iran og Syria som skal døypast. Tale v/pastor Jens Thoresen. Middag etter gudstenesta. Alle er velkomen.

Tale 19.november

Gudsteneste søndag 19.november kl 12

Pastor Jens Thoresen talar over Kolossarbrevet 1,15-20. Dette avsnittet handlar om Jesus, kven han var, om hans identitet om du vil. Det er eit veldig spennande tema i kristendomen. Ein gong spurde Jesus læresveinane sine: «Kven seier folk at Menneskesonen er?» Han fekk mange ulike svar på det spørsmålet. «Men de, kven seier de at eg er?» Då svara Peter: «Du er Messias, den levande Guds Son.» Og Jesus anerkjente dette svaret og sa: «Dette har ikkje kjøt og blod openberra for deg, men Far min i himmelen.»

Bibelpod. 13.nov 2023

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?