Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

september 2020Monthly Archives

Gudsteneste søndag 27.september kl 11.

Komande søndag er det Marit Helene Aas som skal tala.  Teksten  hennar er Filipparbrevet 1,9-11: » 9 Og dette bed eg om, at kjærleiken dykkar må bli rikare og rikare på dømmekraft og innsikt, 10 så de kan skjøna og avgjera kva som er viktig, og stå reine og ulastelege på Kristi dag, 11 fylte av rettferds frukt som veks fram ved Jesus Kristus, til lov og ære for Gud.» Her får me ein unik innsikt i Paulus sitt bøneliv, og det kan fort bli eit godt mønster for oss også. Vel møtt i Bjellandsvegen 51 kl. 11

Inspirasjonshelg med Øystein Åsen 18-20.september

Øystein Åsen er ein kjær og god ven av oss. Til dagleg arbeider han i misjonsorganisasjonen Asia Link, og i tider utan Covid -19, reiser han i mange asiatiske land for å utrusta og inspirera kristne til å leva som frimodige Kristusvitner i kvardagen.  Øystein er også ein framifrå pianist og songar. Denne helga vil me også kunna nyta godt av desse evnene hans.

Lat ikkje denne helga gå deg hus forbi.

Her kan du lesa meir om Øystein og programmet for helga: Øystein Åsen 2020, brosjyre

Tale 13. september. «Eg veit kven eg trur på».

Gudsteneste 13.september

Komande søndag er du hjarteleg velkomen med alle du kjenner til gudsteneste kl 11. Pastor Jens Thoresen vil tala over teksten i 2.Timoteusbrev 1,7-12, eit avsnitt som handlar om å vera ved godt mot fordi Jesus er større enn alle omstender som livet byr. Han har kalla oss med eit heilagt kall til å følgja og tena han. Det er eit stort privilegium.  Alle syndene våre har han fjerna då han døydde  for oss på krossen, og me får leva saman med han i ei fullkomen rettferd . Det er ganske stort altså.

 

 

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?