Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

august 2016Monthly Archives

Søndag 4. september feirar me gudsteneste i Innvær bedehus på Bømlo

Møte på Innvær 5.maiKomande søndag blir det gudsteneste på Innvær bedehus (nær Rubbestadneset). Det er første gudstenesta vår der. Me hadde eit familiemøte der i mai. Då håpar me på fullt hus og god stemning. Pastor Jens Thoresen skal tala over teksten i Johannes 4 om den samaritanske kvinna og Jesus. Ei rasande interessant forteljing som me har mykje å læra av.

Det vert også opplegg for barna. Vel møtt til alle! Gudstenesta startar kl. 11.

Tage Thoresen døypt til Kristus søndag

Tage blir døypt 1Vesle Tage Thoresen vart søndag døypt til Kristus. Det ei storhending for familien og kyrkjelyden. Me hadde ei god stund i kyrkja med mykje song og glede. Pastor Jens Thoresen talte over Johannes 3,1-18, der hovudpoenget hans var at me ikkje blir frelst ved å gjera så godt me kan, men ved å bli adoptert av Gud og fødde på nytt ved Den Heilage Ande. Det handlar om å ha namnet sitt i livsens bok og Gud i hjarta. For barn skjer det ved dåpen. For vaksne ved å lytta til evangeliet og ta imot.

Randi Notland og Jon Olav Økland sa ja til kvarandre laurdag

Randi og Jon OlavDet vart ein fantastisk fin dag då Randi Notland og Jon Olav Økland gav kvarandre sitt ja laurdag. Det var mange gode tilbakemeldingar å få på vigsla i kyrkja, og festen på Leirvik bedehus etterpå var av godt merke. Ein vellukka dag for familie og kyrkjelyd.

Dåpsgudsteneste søndag 28.august

Komande søndag blir det gudsteneste med dåp. Då er det Tage Thoresen som skal døypast, son til Anette Angeltveit Thoresen og Erlend Thoresen Det er pastor Jens Thoresen som forrettar og talar i gudstenesta. Taletekst: Johannes 3,1-17. Gudstenesta startar kl 11. Alle er hjarteleg velkomen.

Felleskristen bønesamling torsdag 19.30

bønnTorsdag er alle velkomen til felleskristen bønesamling i Kristkyrkja kl 19.30. Dei kyrkjelydane som er med denne gongen er forutan Kristkyrkja: Den Frie Evangeliske Forsamling, Nytt Liv og Kristent Fellesskap. Me vil be både lokalt og meir globalt. Vel møtt til ein viktig kveld.

Tale i Stord Bibelsenter 21. august

Jens, profilMe hadde eit godt og sterkt møte i Stord Bibelsenter i dag. Fint å få vera saman med gode vener og prisa Gud. Sjølv hadde eg gleda av å forkynna Guds ord, ein tale som vart uvanleg godt motteken. Du kan lytta til han her.

http://www.mediafire.com/download/hb6twdnzgw5jd1y/2016_08_21_Efesarbrevet_19%2C1-12.mp3

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?