Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

august 2022Monthly Archives

Gudsteneste 4.september

Pastor Jens Thoresen

På gudstenesta komande søndag er det pastor Jens Thoresen som talar. Teksten er Jesaja 51,1-5. Velkomen skal du vera. Ta gjerne med deg ein ven 🙂

 

Tale av Hartvig Kloster 28.august

Herleg helg saman med vener frå Open Air Campagners

Laurdag hadde me ein strålande dag  saman med Eunice, Tobias og Hartvig frå Open Air Campagners. Først tre timar på torget med kreative evangeliepresentasjonar og gode samtaler med forbipasserende folk. Så tur til Moster for å sjå kor det heile starta for over 1000 år sidan. Det er lenge sidan Olav Tryggvason steig i land på Moster med si nyvunne tru, og metoden for breia ut trua i vår tid er naturlegvis heilt annleis enn i vikingtida. No er det berre Guds ord og Den heilage ande som gjeld. Men det skal vera meir enn nok. Når folk får høyra Ordet, kjem Anden og overtyder dei om at det dei høyrer er sant. Me erfarte det under mange samtalar med folk som me fekk kontakt med.

 

 

 

 

Eunice som forklarar evangeliet veg hjelp av eit tautriks

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Her deler Tobias evangeliet ved hjelp

av talmagi.

Her er det fleire bilete frå helga, m.a. frå den fantastiske turen me hadde til Moster

OAC-helg aug 2022 bilete

Bibel og bøn 23. august

Tale 21.august. Oppreist for å tena. Håkon C Hartvedt

Gudsteneste 21.august. Tale v/Håkon C Hartvedt


Komande søndag får me besøk av Håkon C Hartvedt. Me likar godt å høyra på Håkon, både når han talar, og når han spelar og syng songane sine. Håkon elskar Jesus og Guds ord, og difor har han alltid med seg ein bodskap frå Gud til oss. Vel møtt til alle.

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?