Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

juni 2019Monthly Archives

Gudsteneste 16.juni. Litt om livet i den første kristne kyrkja

Komande søndag vil pastor Jens Thoresen tala over Apostelgjerningane 2,37-47. Det handlar litt om responsen på Peters pinsetale, og om livet slik det vart for dei første kristne. I denne teksten finn me nøkkelen til å leva sunne og framgangsrike kristenliv. Vel møtt i Kristkyrkja kl 11.

Gudsteneste første pinsedag kl 11. Tema: «Forvandla av Den Heilage Ande»

Tema for gudstenesta 1.pinsedag blir «Forvandla av Den Heilage Ande». Me er heldige som får leva i denne tida då Guds rike er ope for alle menneske, og då alle kan erfara å bli forvandla av Den Heilage Ande, bli Guds barn av nåde ved trua på Jesus. Me ser det skjer i alle land, at folk vender seg bort frå synd og vondskap og til Jesus Kristus. Dei erfarer tilgjevinga si kraft, blir reinsa frå all sin ureinskap og blir eit folk med framtid og håp. Velkomen til pinsedagsgudsteneste søndag kl. 11.

Beskyttet: Herlege dagar på Solgry

Det finnes ikke utdrag siden innlegget er beskyttet.

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?