Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Ei bøn for dagen

Herre Jesus!

Takk for din fantastiske plan for denne dagen, at du vil bruka meg til å spreia riket ditt og til å velsigna mine medmenneske. Hjelp meg i dag å kvila i deg, og kvart minutt vita at eg er elska, verdsett,  tilgjeven og frelst.  Herre, du døydde for mine synder og sto opp att til mi rettferd. Eg ærar deg for det. Lat meg i dag få kjenna krafta av di oppstode, og samfunnet med di liding.  Fyll hjarta mitt med lovsong til deg og med iver for evangeliets sak. Gje meg alt eg treng av Andens kraft  og kjærleik slik at eg frimodig og innsiktsfullt deler evangeliet med mine medmenneske, og kallar dei til omvending og tru. I dag er frelsens dag. Hjelp meg å vera eit varmt og raust medmenneske. Gje meg visdom, kunnskap og engasjement i jobben min slik at eg løyser alle arbeidsoppgåvene mine på ein god og effektiv måte. Herre Jesus, du er verdas lys, og du bur i meg. Lys gjennom meg i dag. Amen!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?