Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

februar 2022Monthly Archives

Gudsteneste søndag 27.februar

Komande søndag er du velkomen til gudsteneste kl 11. Då vil pastor Jens Thoresen tala over Lukas 9,10-17 der Jesus metter 5000 menn (+ kvinner og barn) med 5 brød og to fiskar, ei forteljing som syner korleis Guds velsigning fungerer.

Tale 20.februar

Gudsteneste 20.februar

Hjarteleg velkomen til gudsteneste komande søndag kl 11. Pastor Jens Thoresen vil då tala over Lukas 9,1-6 som handlar om då Jesus sende ut dei 12 læresveinane sine for å gjera dei same gjerningane som dei hadde vore vitne til at han gjorde sjølv. Dette var eit viktig punkt i utdanninga av desse mennene slik at dei kunne overta stafettpinnen når tida var inne for det. Velkomen til fellesskap, undervisning og bøn.

Tale 13.februar. Tekst: Matteus 13,24-30. Ugraset i kveiten

Gudsteneste 13.februar kl 11

Pastor Thoresen med kaffikoppen på Lundarstølen

Komande søndag skal me markera Såmannssøndagen, og teksten for dagen er Matteus 13,24-30, ein tekst som både handlar om Guds ords enorme frelseskraft, men også om den endelege domen som alle menneske må gjennom.

Denne dagen sender me kollekten til Det norske bibelselskaps arbeid i Ukraina. Dette landet er i stor krise, og hungeren etter Guds ord er enorm.

Etter gudstenesta vert det kyrkjekaffi med god servering.

VEL MØTT!

Tale 6.februar 2022. Lukas 7,36-50. Pastor Jens Thoresen

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?