Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

januar 2018Monthly Archives

Håkon C Hartvedt talar og syng på gudstenesta 4. februar

Den neste gudstenesta i Kristyrkja vert den 4. februar. Då er må så heldige å få Håkon C Hartvedt på besøk. Han skal tala, spela og syngja. Håkon er opphaveleg bergenser, men har i heile sitt vaksne liv budd på Fitjar og jobba som ungdomsskulelærar der. I tillegg til si lærargjerning, har han i mange år skrive andaktar for avisa Dagen, og desse er gjevne ut i bøker. Og som om ikkje det var nok, har han også vore, og er, redaktør i Fitjarposten. Håkon er ein utruleg fin fyr som me gleder oss å lytta til. Vel møtt til alle søndag 4. februar kl. 11. 

Søndag i akebakken

Klikkar på på linken under kan du sjå fleire bileter frå aketuren vår på søndag.

biletkavalkade 21.jan 2018

Gudsteneste søndag 21. januar

Søndag er alle velkomen til gudsteneste kl. 11. Tale v/pastor Jens Thoresen. Emne: «Og me såg hans herlegdom.» Det vert lovsong, søndagsskule, nattverd og kyrkjekaffi.

Ein kveld med kraftig forkynning og sterk fellesskapsfølelse

Eivind Frøen talte ut frå Salme 32 om kva skuld er, kor viktig det er å bli kvitt skuld og korleis det kan skje. Trykk på linken over og lytt. Det er tida verd.

Det var ganske fullt i forsamlinga i kveld

 

«Løft augo og sjå korleis åkrane kvitnar til hausten.» Tale 7.januar

http://www.mediafire.com/file/81q737ck8cnrdkw/2018_01_07_L%C3%B8ft_augo_og_sj%C3%A5_%C3%A5krane_som_kvitnar_til_hausten.mp3

12.-14. januar: INSPIRASJONSHELG MED EIVIND FRØEN

12.-14. januar blir det inspirasjonshelg med Eivind Frøen. Møtene blir haldne i Frelsesarmeen sine lokaler i Vidstensvegen 2. Det er Kristkyrkja, Stord Bibelsenter, Den Frie Evangeliske Forsamling og Frelsesarmeen som står som arrangørar av desse spennande møtene.

Eivind Frøen er ein fantastisk fin fyr, ein strålande forkynnar . Gjennom mange, mange år har han reist i Asia, svært mykje i Kina, og inspirert kristne både i offisielle kyrkjer, og i kyrkjer som pga forfølging har sett seg nøydde til å gå «under jorda». Han har på denne måten erfaringar og opplevingar som få andre, og dette gjer han ekstra interessant å lytta til. ALLE bør få desse møtene med seg.

Godt nytt januar 2018. Siste utgave.  Klikk på linken og les KAMPANJEAVISA med fantastiske vitnemål om Guds frelse, omsorg og makt.

 

Program for inspirasjonshelga:

Fredag kl. 19.30: Møte
Laurdag kl. 11-14: Seminar i to delar med pause og forfriskningar mellom. Barnepass.
Laurdag kl. 19.30: Møte
Søndag kl. 11: Gudsteneste med nattverd og søndagsskule.

VEL MØTT!

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?