Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

november 2018Monthly Archives

Gudsteneste 2.desember kl 11. Tema «Gud er ein Gud som kjem!»

Pastor Jens Thoresen taler på søndag

Adventstida startar søndag. Advent er eit latinsk ord som tyder «kome». Sjølvsagt handlar det om Jesus som kom til oss ved juletider. Men det handlar også om at Gud er ein Gud som «har det med å koma». Han kom til Adam og Eva i hagen den dagen dei hadde synda, ikkje berre for å dømma, men meir enn noko anna for å forkynna ei framtidig frelse, for å gje håp. Slik er Gud. Og me ser det gjennom heile Bibelen og gjennom kyrkjehistoria korleis Gud kjem når mørkret og vondskapen tek overhand. Då «stig han ned» for å frelsa og hjelpa, og for å føra oss attende til seg sjølv.  Men meir om dette på søndag. Vel møtt skal du vera. Etter gudstenesta serverer me pizza og syner bilete frå Israel.

Dagens bibelrefleksjon

Israelshelg med ICEJ 23.-25.november

23.-25. november får Kristkyrkja og Stord Bibelsenter besøk av Eva Olsvold Sundar og Dag Øyvind Juliussen og  frå den norske avdelinga av Den Internasjonale Kristne Ambassaden i Jerusalem.

Israels land og det jødiske folk er alltid i fokus. Grunnen er enkel: Israel er Guds land og jødane hans spesielle utvalde folk som djevelen alltid vil gå til åtak på, noko me såg sist helg  under synagogeskytinga i Pittsburgh, Pennsylvania då 11 jødar vart drepne utelukkande fordi dei var jødar. Difor er me glade for å kunna arrangera ei helg der me syner absolutt solidaritet med Israel og jødefolket, og der me kan læra meir om kva Gud seier om både folket og landet. Dag Øyvind Juliussen er dessutan ein mann som har god historisk kunnskap og som gjer stoffet både aktuelt og tidsnært.

Programmet vert slik: Fredag kveld kl.1900 i Ungdomshallen. Laurdag kl. 1100 til 1500, seminar med matpause (av eit eller anna slag). Laurdag kveld kl.1900 og siste møte søndag kl.1100. Fredag kveld kl 19 i Ungdomshallen. Laurdag og søndag vert møtene i Frelsesarmeen. 

VEL MØTT TIL ALLE!

Den pakistanske menneskerettsforkjemparen Sajid Christoffer Paul til Stord 16. november

Sajid Christoffer Paul

Den 31. oktober vart fembarnsmora Asia Bibi frikjent for blasfemi av pakistansk høgsterett. Ho hadde då sete 8-9 år i fengsel i Lahore og venta på at dødsdomen over henne skulle bli fullbyrda. Ein av dei som har kjempa hardast for Asia Bibi er Sajid Christoffer Paul. Han er leiar for organisasjonen Human Friends Organisation (HFO) som arbeider for at kristne og andre som er tiltalte for blasfemi skal få ein rettferdig rettsprosess, dei underheld også familiane til dei fengsla og dei jobbar for at blasfemilovene i landet skal fjernast eller i det minste endrast slik at dei ikkje lenger kan råka folk vilkårleg.

Den 16. november kan du møta Sajid Christoffer Paul i Utbygdo grendahus kl. 19.00. Saman med han kjem det ei kvinne som har ein mann i fengsel klaga for blasfemi, samt folk frå Stefanusalliansen som saman med Kristkyrkja og Stord Bibelsenter står bak dette arrangementet. Det vert kollekt på møtet. Stefanusalliansen er ein kristen norsk menneskerettsorganisasjon som støttar HFO. Vel møtt!

Neste gudsteneste vert søndag 11.november

 

Då er det Tone Reinertsen Hellesøy som skal tala og leia lovsong. Det veit me blir veldig bra, og me gler oss enormt. Håpar mange har lyst å vera med denne søndagen.

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?