Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

april 2020Monthly Archives

«Eg er den gode gjetaren», tale 26.april. Pastor Jens Thoresen

https://www.facebook.com/jens.thoresen.3/videos/10221518355805436/

Nettgudsteneste 26.april

Me prøver oss med ei ny direktesending i morgon kl 11. Temaet denne søndagen er «den gode gjetaren» ut frå Johannes 10. Denne teksten har me kjent til sidan søndagsskuletida, og mange av oss hugsar teikninga av Jesus med lammet over skuldra. Det verka så trygt og godt. Men denne teksten er meir eksplosiv enn det me er vane med å tenkja på, og det er ingen tvil om at Jesu proklamasjon om at han var «den gode gjetaren» var med på å føra han til skafottet.
Sendinga i morgon finn du på Jens Thoresen sin FB-vegg. Nokre hadde vanskar med å finna fram sist søndag.

Bibelrefleksjon over Salme 84:5-8

Nettgudsteneste søndag 19.april kl 11.

Pastor Jens Thoresen

Det er pastor Jens Thoresen som står for denne gudstenesta frå A til Å. Slik må det bli i tider som desse. Men me kjem sterkt att med større breidde, vonleg om ikkje så altfor lenge 🙂

Tema for talen: Tomas får møta den oppstadne Jesus!
Denne teksten frå Johannes 21 er berre heilt strålande, og inneheld mange lærerike poeng. Så følg med 🙂

 

Salme 84:2-5, ein bibelrefleksjon

1.påskedagsgudsteneste

Tidleg morgon, den første dag i veka, kom det ein engel frå himmelen ned i hagen, han var som eit lyn å sjå til. Han velta til sides steinen som hadde lukka Jesu grav, og  ut kom JESUS.  Det er 1.påskedag, og gleda kan ikkje vera større. Me har ein levande frelsar! Han sviktar aldri.

GOD PÅSKE!

I denne videosendinga forrettar pastor Jens Thoresen ei enkel gudstenestete, og i talen tek han opp dei argumenta som gjerne er blitt brukt mot at Jesus kan ha stått opp, at heile forteljinga berre er ein ønskedraum frå tilhengarane hans. Det er det ikkje. Alle ting talar for det motsette: JESUS STOD OPP, OG HAN LEVER I DAG. Så blir neste spørsmål kva dette betyr for oss. Det spørsmålet får også sine svar.

 

 

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?