Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Morgonbøn

OLYMPUS DIGITAL CAMERA Kjære gode Gud, Far, Son og Heilag Ande!

Eg kjem fram for deg denne morgonen fordi du elskar meg og ønskjer å ha fellesskap med meg, fordi du kallar meg til å leva for ditt åsyn, fordi du har skapt meg,  frelst meg, kjøpt meg og døypt meg, fordi du  vil velsigna meg, løfta meg opp, gleda meg, fylla meg, utrusta meg, styrka meg og bruka meg, fordi du er min Gud og eg er ditt barn.

Frå sola står opp til ho går ned vil eg prisa namnet ditt, løfta deg opp og berømma deg. Du er god, og di miskunn varer til evig tid. Store og mektige er dine gjerningar. Ingen kan måla seg med deg, og du sjølv er heilt utan mål, allmektig, allvitande og nær over alt. Du fyller himmel og jord, og englane og alle dei heilage jublar for deg, du Den sannferdig, gode og i alle ting pålitelege.

Ditt ord er ei lykt for min fot og eit lys for min sti. Eg vil ta vare på det i hjarta mitt slik at eg ikkje syndar mot deg, eg vil grunda på det og tala om det når eg står opp, når eg går på vegen, når eg sit ved bordet og når eg legg meg om kvelden, og eg vil vitna om deg og di frelse for alle dei som du fører i min veg, eller som du sender meg til.

Herre Jesus!  Lat meg få vandra med deg idag, og sjå at du gjer dine under mellom oss, at folk blir frelst frå sine synder, lækt frå sine sjukdomar og fri frå demoniske makter som bind dei og  held dei fanga i synd, ureinskap og vantru.

Bruk meg denne dagen, leid meg og send meg. Må din kjærleik og di kraft strøyma ut frå meg til evig liv for dei eg har kontakt med. Må dei få møta deg i meg slik at dei kan smaka deg, erfara din godleik og evig lovsynga deg, du den einaste sanne Gud, Herre over alt og alle. Amen!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?