Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Eg lovar deg

Eg lovar deg Far, allmektige Gud, skapar av himmel og jord, alt synleg og usynleg, stort og smått. Saman med heile skapningen priser eg deg og ropar «Heilag, heilag, heilag er du, Herre, allhærs Gud. Jorda er full av din herlegdom.»
Du er ein Gud som frelser dei fortapte, styrker dei svake, reiser dei falne, lækjer dei sjuke, frir ut dei bundne, vekker dei døde, bøyer dei stolte og dømer dei vonde.
Mild og nådig er du, Gud, langmodig og rik på miskunn, ein Far for farlause, ein forsvarar for enkjer og ei trygg hamn for menneske på flukt. Ja, du er ein Gud som bergar frå jegerens snare og frå pest som tyner. Med dine fjører løyner du meg, under dine venger finn eg livd. Din truskap er skjold og vern. Du er mi borg. Eg er ditt tempel. Eg er i deg, og du er i meg. Din kjærleik og nåde gjennomtrenger meg, og du fyller meg med Andens kraft og sender meg ut som ei kjempe i din hær. Lova vere du frå æva og til æva. Amen!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?