Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Søndag for forfølgde kristne

Komande søndag blir fokus på Martyrkyrkja. Rundt 250 millionar kristne i verda er på ein eller annan måte utsett for forfølging pga trua si. Kyrkjer vert rivne eller stengde. Kristne vert diskriminerte på arbeidsmarknaden, andre får ikkje ta utdanning, mange vert arresterte, torturerte og idømt kortare eller lengre fengselsstraffer. Nokre vert dømde til døden, og  over 2000 vert drepne kvart år i terroråtak og regulære utanomrettslege avrettingar. Dette føregår i heile Midt-Austen, i Kina, Laos, Myanmar, Indonesia, Eritrea, Nigeria, berre for å nemna nokre plassar. Men tyngst er det i Nord-Korea der det å nemna Jesu namn blir lønna med døden.

Men desse tinga skal ikkje sjokkera oss i det heile tatt. Jesus sa: «Ein tenar kan ikkje bli handsama betre enn herren sin». Og Paulus skriv: «Alle som vil leva gudfryktig i denne verfda skal bli forfølgde».

Talen vil handla om desse tinga. Så vil me ta opp kollekt til Stefanusalliansen som jobbar for å gjera livet så lett som råd er for kristne som er utsette for grov urett.

Etter gudstenesta blir det middag for alle som vil ha, og etter det blir dei ein times bøn for våre trussøsken som sit i fengsel.

Alt vil me prøva å gjera så barnevenleg som mogeleg.

Velkomen i Kristkyrkja kl.11.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?