Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Blog Archives

Ære og skam! Tankar om Stord Pride 15.september. Av pastor Jens Thoresen

Eg kvir meg til å skriva dette innlegget. Mange vil mislika det, og nokre bli sinte. Det får våga seg. 15.september skal det vera Pride-parade på Stord, og Gud sørgjer. Ikkje fordi han er fornærma, men fordi han elskar oss, og fordi han veit at det einaste som kan gjera oss lukkelege er at me følgjer han og er lydige mot hans bod.  Men no hyttar me knyttnevane våre mot han, og bed han om ikkje å blanda seg inn… Continue reading »

Strålande helg på Solgry

Kristkyrkja fekk  på alle måtar ei strålande helg på Solgry. Maks vær og hyggjeleg fellesskap med endelaust mange kjekke aktivitetstilbod for store og små. Det vart naturlegvis mest bading og go-cartkøyring, men også mykje anna. Godt humør over heile fjøla. Og Gud var med oss. Han tala med oss og rørte ved oss. Desse Solgryhelgane er gull verd for kyrkjelyden. Her er nokre bilete frå det som skjedde.          

Vellukka Godhet Stord 2018

Godhetsveka er historie. Me fekk ferdiggjort omlag 20 oppdrag. 6 bestillingar måtte me seia nei til, anten fordi dei var for store, eller fordi me ikkje rakk dei. Ein var dei beste effektane av Godhetsveka er nok den gleda alle aktørar sit att med etter godt gjort arbeid. Dei erfarer Jesu ord om at «min mat er å gjera hans vilje som har sendt meg.» Her er ein biletkavalkade som viser noko av det som skjedde denne veka:   Ein velfortent… Continue reading »

Laurdag 10. oktober: Seminardag med pastor Dennis Balcombe

Komande laurdag kjem pastor Dennis Balcombe på besøk til Stord, og han vil ha møter på Langeland skule frå føremiddag til kveld. Sjå lysing onsdag og fredag. Det er Stord Bibelsenter, Den Frie Evangeliske Forsamling og Kristkyrkja på Stord som står som arrangørar av møtene, saman med misjonsorganisasjonen Asia Link. Talane vert tolka til norsk av Eirik Jensen. Dennis Balcombe har reist som misjonær i Kina sidan 1969, og det vert sagt om han at han har kanskje hatt større… Continue reading »

Inntrykk frå gudstenesta 15.februar

Me syntest me fekk ei fin gudsteneste på søndag, og her er nokre fotografiske inntrykk frå kameraet til Hans Gunnar Nilsen                                                  

Stemningsfull julekveldsgudsteneste

Julekveldsgudstenesta var som vanleg godt besøkt. Fullt hus og god julestemning med masse song og musikk, og med vårt tradisjonelle julespel. «Tidsbeste,» vart det sagt frå salen. Og det er sant. Talenta våre er unge, men veldig flinke. Dei får bodskapen klårt fram. På bilete til venstre ser me engelen som kom til gjetarane med dei dei gode nyheitane om frelsaren som var fødd i Betlehem. Louise Nordfonn var engel i stykker.                … Continue reading »

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?