Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Bøn for kyrkjelyden

5.mai Sæbø, gruppebileteHerre Jesus ,
du som elskar oss og har fridd oss frå våre synder med ditt eige blod.
Gjer oss til eit folk som alltid takkar, prisar og lovar deg for alle ting.
Gje oss den Anden som gjev visdom og openberring slik at me kan læra deg å kjenna, og forstå at du ved å døy på krossen forsona oss med Gud og gav oss evig liv.
Gode Heilage ande! Kom nær til oss når me samlast i ditt namn. Syn oss din herlegdom, tal til oss, overtyd oss om synd , rettferd og dom, herleggjer Jesus for oss, læk oss frå våre sjukdomar og fri oss frå det vonde.
Herre, hjelp oss å halda oss nær til deg i vårt daglege liv.
Lær oss å be og trufast lesa ditt ord, og lat Ordet reinsa, næra og undervisa oss slik at me blir glade, varme, sterke, kloke, rettenkande, ærlege, opne, rause og sunne kristne.
Må Ordet, ved trua, smelta saman med oss og gje liva våre retning og kvalitet.
Fyll oss med din Ande,  og lat det frå liva våre renna straumar av levande vatn.
Gjer oss sterke i trua, brennande i kjærleiken og trygge i vona.
Hjelp leiarane våre å halda seg nær til deg, vera true mot Ordet ditt og elska deg over alle ting. Gje dei del i dine visjonar, og leid dei ved Den heilage ande, slik at dei kan leida kyrkjelyden på rett måte mot dine mål.
Gje oss iver etter å gjera deg og di frelse kjend for dei fortapte, og gjer oss dugande til å dela evangeliet med alle som ikkje kjenner deg.
Gje kyrkjelyden ein sterk vekst, og hjelp alle nye som kjem til tru å slå djupe røter i deg, ordet ditt og i fellesskapet.
Gje oss ein djup solidaritet med dei unådde folkeslaga slik at me gjer alt me kan for at dei skal få høyra evangeliet på sitt eige språk og få sin rett.
Gjer deg kjent for alle barna i Kristkyrkja. Vern dei mot alt vondt og skadeleg. Lær dei å elska deg over alle ting, og følgja deg tett.
Læk alle sjuke i kyrkjelyden og gjer dei friske og sterke att.
Utrust oss med ein rikdom av nådegåver medan me ventar på at du skal koma att i herlegdom, og lat Kristkyrkja vera prega av Andens kraft og av Andens gode frukter.
Må under og teikn og mektige gjerningar skje mellom oss slik at folk lett blir overtydde om at du Jesus er Guds Son og verdas frelsar. Deg tilhøyrer all makt, ære og pris i all æva!

Amen!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?