
Det er Knut Arve Nordfonn som skal tala på friluftsgudstenesta søndag. Han har alltid mykje godt og viktig på hjarta.
Etter gudstenesta skal me grilla og ha sosialt fellesskap. Ta med grillmat.
Tema for gudstenesta 1.pinsedag blir «Forvandla av Den Heilage Ande». Me er heldige som får leva i denne tida då Guds rike er ope for alle menneske, og då alle kan erfara å bli forvandla av Den Heilage Ande, bli Guds barn av nåde ved trua på Jesus. Me ser det skjer i alle land, at folk vender seg bort frå synd og vondskap og til Jesus Kristus. Dei erfarer tilgjevinga si kraft, blir reinsa frå all sin ureinskap og blir eit folk med framtid og håp. Velkomen til pinsedagsgudsteneste søndag kl. 11.
Det finnes ikke utdrag siden innlegget er beskyttet.