Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Ei bøn for Stord

stordGode Gud og Far!

Må alle dine barn på Stord verkeleg  kjenna deg, stå deg nært og vera lys og salt i denne byen.
Hjelp oss å følgja Jesus tett og saman jobba aktivt for å gjera han kjent, trudd, æra og elska av alle som bur og jobbar her.
Utrust oss med Andens gåver, kom nær til oss med lys og kraft og lat kyrkjelyden din på Stord bobla over av glede og frelse.
Gje Stord politiske leiarar med integritet og karakter. Me treng audmjuke, ærlege og kloke kvinner og menn som fryktar deg og søkjer råd hos deg for si gjerning.
Gje Stord eit sunt, framgangsrikt og oppegåande næringsliv, og gje oss næringslivsleiarar med høg moral, kreativitet og gjennomføringsevne.
Vern barn og unge i byen mot det vonde. Dra dei inn i din kjærleik, og i den kristne fellesskapen, og gje dei glede i å tilbe og følgja Jesus.
Hjelp gifte folk å halda saman og ta vare på truskapen og kjærleiken. Fyll heimane med varme og glede, og vern dei mot splid og oppløysing.
Gje Stordsamfunnet framifrå lærarar som er i stand til å gje borna tryggleik, kunnskap forståing og gode haldningar.
Lat alvorleg og kronisk sjuke møta eit godt kvalifisert helsevesen.
Berør dei sjuke i byen med di hand, og fyll kyrkja di på Stord med lækjedomskraft.
Hjelp politiet med å oppklara brotsverk, og gje alle som plasserer seg på feil side av lova  å venda om til deg og ta eit oppgjer med dei destruktive handlingane sine.
Gje frelse og lækjedom til alle som rusar seg, løft dei opp frå fordervinga og set føtene deira på fjell.
Velsign bladet Sunnhordland og andre mediebedrifter i området. Hjelp journalistane å vera merksame, sanne, kreative, aktuelle og ukorrupte i sitt arbeid, og også å fatta interesse for, og skriva om dine gjerningar i samfunnet.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?