Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

«Den himmelske mann» til Stord laurdag 21.september

Den 21.september får Stord for tredje gong besøk av broder Yun, den kinesiske kyrkjeleiaren som ein gong fekk tilnamnet «Den himmelske mann».

Broder Yun er sjølve symbolet på den kraftige forfølginga mot kristne som me var vitne til i landet frå 1970-årene og fram mot år 2000, ei forfølging som dessverre dei siste par åra har teke seg kraftig opp att.

Yun vart fødd i ein barnerik familie i Henan-provinsen på slutten av 1950-talet, og vaks opp i ei tid så prega av naud at han opplevde å sjå broren døy av svolt, og han måtte gå rundt og tigga for at familien skulle overleva.

I ein alder av femten år fekk Yun for første gong erfara Guds kraft. Då opplevde han at faren mirakuløst var helbreda for kreft i terminal fase. Ikkje lenge etter hadde guten ei kallsoppleving som bestemte retninga for resten av livet.

Yun har sete over 10 år i kinesisk fengsel pga sitt frimodige kristne vitnemål, og fordi styresmaktene i landet skjøna at han var ein viktig leiar for den etter kvart så mektige huskyrkjerørsla i landet, ei rørsle med ein årleg vekst på over 7%. Det blir i reine tal meir enn ein million nye kristne for kvart år, og dette skremmer dei kommunistiske og ateistiske styresmaktene som har tradisjon for å tvihalda på makta si med alle tenkjelege midlar.

Broder Yun har gjennomlevd umenneskeleg tortur, meir enn me kan klara å fatta, noko som er beskrive i detaljar i boka «Den himmelske mann». Men han opplevde også nokre av dei største av Guds mirakler, i tråd med det me kan lesa i Apostelgjeringane. Ein gong fasta han i 74 dagar utan vått eller tørt, og det var då medfangane hans begynte å kalla han for «Den himmelske mann». Dei venta at han skulle døy av vassmangel, men det skjedde ikkje, og dei visste at det dei hadde sett var av overnaturleg karakter.

Broder Yun klarte med Guds hjelp å rømma frå «Zhengzhou Maximum Security prison», som ingen før hadde klart å rømma frå. Før dette skjedde hadde vaktene knust beina hans. Men Gud bad han om å reisa seg og gå ut av fengslet, og då han gjorde det, vart beina friske med ein gong, og han gjekk rett forbi alle fangevaktarar og gjennom låste dørar som berre opna seg automatisk framfor han. Han gjekk over fengselsgarden og rett ut i hovudgata. Han fortel at det var som om fangevaktarane ikkje såg han, fleire av dei mista jobben etter dette miraklet. Offisielle etterforskningsrapportar konkluderer med at han mottok ingen menneskeleg hjelp under flukten, og at han framleis er den einaste som har klart å flykta frå dette fengslet. Mange medfangar kan stadfesta denne historia.

Yun har ført tusenvis til Kristus. Etter at han på underfull måte kom seg ut av Kina med passet til ein annan, har han reist verda rundt med smilet, vitnemålet og visjonen om å bringa evangeliet attende til der det heile starta: Jerusalem.

Laurdag 21.september vert han å møta og høyra i Leirvik bedehus (sjå lysing måndag 16. og fredag 20.) Dei som arrangerer møtet er misjonsorganisasjonen ASIA LINK saman med Imf Stord, Nytt Liv, Stord Bibelsenter, Kristkyrkja, Kristent Fellesskap, Horneland indremisjon og Sagvåg indremisjon.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?