Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

oktober 2016Monthly Archives

Gudsteneste 30.oktober. Tema: Guds familie

jens-7Komande søndag blir det gudsteneste kl 11. Tema for gudstenesta er «Guds familie». Dette er det viktigaste som kan seiast om den kristne kyrkjelyden: Han er Guds familie. Når Jesus flyttar inn i eit menneske, vert perrsonen Guds barn, han/ho får del i Jesu barnekår og alle hans rettar som son i Guds hus. Men Gud har mange barn, og han trommar dei truande i same geografiske område saman til å vera èin familie med èin Far og èin felles Frelsar, Jesus Kristus.

Annbjørg Reinertsen skal ha søndagsskulen på søndag, og snakka om då Gud skapte verda. Eit fint tema i vår tid.

ALLE ER HJARTELEG VELKOMEN TIL GUDSTENESTE!

«Han skal vera stor i Herrens augo». Andakt v/pastor Jens Thoresen

Andakt: Lukas 1,13-17 del 1

Program for denne veka

Mandag og onsdag kl. 17-18: Lokal og global bøn.
Tysdag kl. 19.30: Stord Felleskristne leiarråd
Torsdag kl. 18: Ungdomsgruppe og barnegruppe
Søndag kl. 11: Gudsteneste

Dagens tale handlar om verdien av bibellesning

Lytt her:

TV-innsamlingsaksjon i flott haustvær

tv-aksjonenMarianne og Øyvind Sjursen var med og samla inn pengar i Lønningsåsen. Dei gjorde ein flott innsats. Utanom desse to var Marit Aas, Marie Notland og Jens Thoresen med frå Kristkyrkja. Alle syntest det var kjekt å gå i det fine haustværet. Så får me vona at innsatsen kan gjera livet litt betre for nokre av dei mange som er på flukt frå krig og naud.