Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

januar 2017Monthly Archives

Programmet framover

Det blir IKKJE gudstensten søndag 29.januar.

Torsdag 2. februar er alle velkomen til felleskristent bønemøte i Kristkyrkja kl 19.30.

Søndag 5. februar blir det gudsteneste kl. 11.

Vel møtt i Kristkyrkja!

Gudsteneste søndag 22. januar. Tema: «Disippelskap og menneskefiske».

Knut Arve 3Søndag 22. januar er alle velkomen til gudsteneste kl 11. Knut Arve Nordfonn vil tala over Matteus 4,15-22, og temaet er «disippelskap og menneskefiske.» Elles blir det søndagsskule, lovsong og nattverd, som vanleg.

 

Dagens tale. Tema: «Keisaren og Gud.» Litt om kristen økonomisk tenkning

http://www.mediafire.com/file/70ocrwp7cd9e4xx/Keisaren_og_Gud._.mp3

Gudsteneste søndag 15.januar

Pastor Jens Thoresen Pastor Jens Thoresen

Søndag er du velkomen til gudsteneste kl 11. Pastor Jens Thoresen vil tala over det rasande interessante emnet: «Så gje då keisaren det som er keisaren sitt, og Gud det som er Guds.» Jesus er eit meister i å setja tinga på rett plass, og i denne vesle setninga ligg det eit hav av visdom.

Som vanleg blir det søndagsskule, lovsong og nattverd.

Talar under Inspirasjonshelga 6.-8. januar

http://www.mediafire.com/file/eb1spw5w5e9xwdp/Jesaja_44%2C1-5%2C.mp3
http://www.mediafire.com/file/dehg2g8d9q211hz/Jesaja_6%2C1-8._Pastor_Jens_Thoresen.WAV
http://www.mediafire.com/file/zrgg91dawd1c2wd/Jesaja_43%2C1-7._Pastor_Jens_Thoresen.WAV
http://www.mediafire.com/file/cjp2awlr0iuqvop/Jesaja_43%2C16-21._Marit_H_Aas.WAV

INSPIRASJONSHELG

Komande helg, 6.-8. januar, arrangerer me Inspirasjonshelg i Kristkyrkja. Då vert det møter fredag kl. 19.30, laurdag kl 11 og 13, (kaffipause mellom), og Gudsteneste søndag kl 11.

Fredag talar pastor Jens Thoresen over Jesaja 6,1-8, og laurdag kl 11 over Jesaja 43,1-7.
Laurdag kl 13 vil Marit Helene Aas tala over Jesaja 43,18-21, og søndag Knut Arve Nordfonn over Jesaja 44,1-4.

Marit Helene Aas
Marit Helene Aas

Pastor Jens Thoresen
Pastor Jens Thoresen

Knut Arve Nordfonn
Knut Arve Nordfonn

Elles vert det lovsong og høve til forbøn på alle møtene.
VELKOMEN!

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?