Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

DiverseCategory Archives

Tale i Frelsesarmeen 23.juni

Dette er ei nyinnlesing av ein andakt eg heldt i Frelsesarmeen på Stord på St.Hansafta. Tilhøyrarane var lei seg for at det ikkje vart teke lydopptak, difor gjer eg det på denne måten. Å lesa inn andakt utan «publikum» blir litt på ein annan måte, men innhaldet er det same og forma er litt annleis.

Neste gudsteneste blir 30.juni kl 12

Velkomen til oppbygging, lovsong og fellesskap.

Pastor Jens Thoresen forkynner Guds ord. Tekst: Matteus 16,13-20.
Dette er ein sentral tekst som handlar om Jesu identitet og om kva han syslar med for tida.

Vel møtt

Pastor Jens Thoresen

Tale 23.juni 2024

Våre bøner er nøkkelen til suksess i Guds rike. Me ber om visdom til dei utanfor slik at dei kan koma seg innafor, og me overtyder dei om krafta i Guds rike med vår venlege haldning og innstilling.

Bibelpodcast

21.juni 2024

Velkomen til St.Hansfeiring i Frelsesarmeen søndag 23.juni kl 16.

I år er me inviterte til å vera med å feira St.Hans saman med Frelsesarmeen i Vidstensvegen på Leirvik. Der er du velkomen kl 16. Ta med deg grillmat til deg sjølv, og litt i tillegg til folk som skulle dukka opp som ikkje har med seg grillmat. Pastor Jens Thoresen vil seia nokre velvalde ord om døyparen Johannes. Trur det blir interessant.

Velkomen til gudsteneste 23.juni kl 12

Pastor Jens Thoresen talar over Kolossarbrevet 4,2-6. Det er ein umåteleg interessant tekst som lærer oss mykje om korleis me skal leva for at lyset skal sigra over mørket i oss og rundt oss. Vel møtt!

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?