Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

3.-7. august arrangerer Kristkyrkja evangeliseringsveke under mottoet: Stord for Jesus.

Kvar dag startar me i kyrkja klokka 10 for å be og førebu oss litt praktisk før me går ut og reiser teltet vårt på torget kl 11. Der deler me ut traktatar, tilbyr gode bøker, serverer kaffi og lappekaker, arrangerer korte gudstenester og ber for folk. Det er eit flott konsept, og det er veldig fint å få representera Jesus som eit team. Du er hjarteleg velkomen til å delta i dette om du er ein truande og har tid. Ta gjerne kontakt. Meld eller ring til 47415864, eller mail til pastor@kristkyrkja.no

Første gudsteneste etter sommarferien blir 9. august

Me startar ut dette semesteret med å tala om Jesaja 12, eit nydeleg kapittel med fleire lag, som gjerne tilfelle er med profetskriftene i Det gamle testamentet. Me for vår del skal ta utgangspunkt i at denne teksten skildrar kvar enkelt kristen sin erfaring og livskall. Velkomen skal du vera der, og les gjerne denne nydelege teksten før du kjem. Fortsett god sommar!

Velkomen til gudsteneste 21. juni kl 12

Jakob, ein patriarkane, levde eit dramatisk liv. Han lurte folk, og vart sjølv lurt. Men det kunne ikkje gå ut og ut. Ei natt møtte han Gud, og Gud utfordra han til kamp, og det er denne me skal snakka om på søndag.

Tale 14.juni over Salme 37,3-6

Neste gudsteneste blir 14.juni kl 12

Velkomen skal du vera med alle dine 🙂

Pastor Jens Thoresen talar over Salme 37,3-6. Salme 37 er ei visdomssalme som syner oss kor stor, god og truverdig den Gud er som me elskar.