Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

januar 2020Monthly Archives

Tale 26.januar. Jesus lækjer den blinde Bartimeus

Gudsteneste 26. januar. Tema: «Jesus lækjer den blinde Bartimeus»

Pastor Jens Thoresen

Komande søndag er det pastor Jens Thoresen som forkynner dei gode nyheitene om Jesus. Dagens tekst er Lukas 18:35-43. Den blinde Bartimeus sit ved vegen og tiggar pengar. Men då Jesus reiser forbi, tenkjer han ikkje meir på pengane. Han ropar til Meisteren: «Gje meg synet attende». Pengar og verdiar er ikkje det same. Det syner denne forteljinga. Synet kan ikkje betalast med pengar. Enno mindre Guds frelse i Jesus Kristus. Vel møtt til store og små. Me startar som vanleg kl. 11

Kvifor vert kristne forfølgde? Tale v/Stig Magne Heitmann

Bli kjent med Gud. Leksjon 16

Stig Magne Heitmann talar på gudstenesta søndag 19.januar

Stig Magne Heitmann er fagleg leiar i organisasjonen Åpne Dører. Han reiser verda rundt for å besøka kristne som må lida overlast fordi dei står opp for Jesus, eller simpelthen fordi dei har ei kristen tru. Han har skrive mange bøker om forfølgde kristne, og den mest kjende er «Men Gud var ikke beseiret», ei bok som me vel kan kalla eit standardverk om kristenforfølging på norsk. Vel møtt i Kristkyrkja søndag kl.11. Etter gudstenesta inviterer me alle på middag. Du vil få verdas beste kjøttsuppe, og det er heilt gratis.

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?