Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

oktober 2023Monthly Archives

Gudsteneste 5.november kl 12

Komande søndag, den 5.november, er du hjarteleg velkomen med stort og smått i huset ditt, til Gudsteneste i Kristkyrkja på Stord (Bjellandsvegen 51). Me får besøk av Svanhild Jakobsen frå Den norske Israelsmisjon. Dette skjer medan Israel er inne i si største krise på mange, mange år. Landet har mange behov, og me ber om at Israels Gud skal halda si gode hand over innbyggjarane, trøysta dei i sorga over sine døde og etablera fred med alle naboar. Men det djupaste behovet me har som menneske, anten me er jødar eller «heidningar», om me bur i Israel eller Noreg, er evangeliet om Jesus Kristus. Berre i han er frelse for alle folk. Og det er Israelsmisjonen sitt hovudfokus, utan at dei gløymer alle dei andre behova denne vesle nasjonen med den store historien har. Vel møtt til alle! KOLLEKT TIL ISRAELSMISJONEN

Tale Zoar 29.okt.2023


Gudsteneste 29.okt

I overmorgon reiser me til Halsnøy for å feira gudsteneste saman med venene våre på Zoar bedehus. Pastor Jens Thoresen skal tala over emnet «Sjå eg gjer noko nytt». Ferja går frå Skjærsholmane kl 09.55. Du er velkomen til å vera med. Med tanke på skyss, er det fint om du melder frå. Du kan senda SMS til 47415864 eller e-post til pastor@kristkyrkja.no

Misjonskveld med Kristine Særsten Robberstad

I vår var Kristine på DTS i Sør-Afrika, og i går fortalde ho om opplevingar både der og i Himalaya då teamet hennar var på outreach på «verdas tak». Bortimot 200 menneske hadde kome til tru, omtrent like mange blitt lækte for sjukdomar, nokre av dei alvorlege. Det var heilt annleis der ute enn det er i Noreg, sa ho. Der var folk så opne for Gud, mykje meir enn tilfelle er her. Men Gud er den same. No arbeider Kristine i Indremisjonssamskipnaden med særleg fokus på barn og unge. Ho elskar å dela evangeliet med folk, og tida i Ungdom i Oppdrag hadde gjeve henne eit nytt perspektiv på kristenlivet.

Bibel og bøn 24.okt. Salme 119,145-148

Bibelrefleksjon 17.oktober. Salme 119,141-144

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?