Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

mars 2017Monthly Archives

Ei annleis helg

Pga sjukdom kunne ikkje Martin Cave koma til Stord denne helga. Me måtte snu oss rundt og dela talane oss i mellom. Reidar Brevik talte innsiktsfullt på fredags kveld om Jesus som person, hans karakter, og om det å tilbe han. Reidar skal også tala på ettermiddagsmøte i kveld.

Pastor Jens Thoresen hoppa på og heldt tre talar i går. På føremiddag delte han enno ein gong frå turen til Tyrkia. Etter lunsj underviste han om disippelskap, og her kan du høyra den talen (som mange opplevde som ein augneopnar).

http://www.mediafire.com/file/dsr8k23ca3m7f8l/Disippelskap%2C_Jesu_arbeidsmetode.mp3

På kveldsmøtet var tema henta frå Lukas 7,36-50, om kvinna som vaska Jesu føter med tårene sine og tørka dei med håret sitt. Han kalla talen for «Religiøs eller kristen?» Den kan du høyra her:
http://www.mediafire.com/file/qaqc2es576ofhac/Lukas_7%2C36-50._Kristendom_eller_religi%C3%83%C2%B8sitet.mp3

Inspirasjonshelg med Martin Cave 24.-26.mars

Komande helg går Stord Indremisjon og Kristkyrkja saman om å arrangera INSPIRASJONSHELG med pastor Martin Cave frå IMI-kirken i Stavanger.

Martin Cave blir rekna for å vera ein av dei mest betydningsfulle kristne leiarane i Noreg. Under hans leiing har IMI-kirken vakse og utvikla seg til ei føregangskyrkje når det gjeld ungdomsarbeid,  evangelisering, kyrkjeplanting, misjon, diakoni, flyktningearbeid og bruk av dei åndelege gåvene. T.d. er det mange unge menneske, også her frå Stord, som har fått sitt første seriøse møte med Gud under eitt av dei årlege IMPULS-arrangementa i IMI-kirken, og gjennom ACTA-bibelskule har mange av dei også fått sett kursen for resten av livet.

Martin Cave har ein lys, munter, jordnær og optimistisk tone når han underviser, noko som attspeglar seg i ein setning han gjerne repeterer: «Denne verda har ikkje sagt nei til Jesus, ho veit berre ikkje korleis han ser ut!»

Dei siste åra har IMI-kirken også inspirert mange kyrkjelydar i Noreg til å setja av ei veke i året til å gå ut saman for å syna godheit mot folk i nærmiljøet. Også her på Stord har me i to år hatt ei slike «Godheitsveker», og tilbakemeldingane i så måte har vore overveldande positive.

Denne helga vil Martin Cave fokusera mykje på Jesu person, korleis HAN synte godheit mot dei menneska han møtte på sin veg, og kor privilegerte kristne er som får ha Gud som ven.

Fredag og søndag blir møtene i Leirvik bedehus med møter på kveld og ettermiddagstid. Laurdagen blir me i Horneland bedehus. Då blir det seminar om «Godheit» om føremiddagen, og elles møte om kvelden.

Alle er hjarteleg velkomen til å vera med på desse møtene som elles vil bli prega av lovsong og begeistring.

PROGRAM

Fredag: Møte i Leirvik bedehus kl. 19.30

Laurdag: To undervisningar  om «Godhet» kl 11-14 med lunsj (kjøttsuppe) mellom øktene.
19 30: Møte. Laurdag blir alle møtene på Horneland bedehus

Søndag: Familiemøte i Leirvik bedehus kl. 16

Og her er Tyrkiatalen frå 19. mars

http://www.mediafire.com/file/nglaxsbzuabi8dc/Forteljingar_fr%C3%A5_Tyrkia.WAV

Bilete frå Tyrkia
http://www.mediafire.com/file/m7o0z8i62l31qiv/Tyrkiatur_i_bilete_%5BLagret_automatisk%5D-1.pptx

Blodferske inntrykk frå Tyrkisk kristenliv

Frå 9.-14. mars vitja pastor Thoresen Antalya Evangelical Church i Tyrkia, og på gudstenesta i Kristyrkja komande søndag vil han fortelja om ting han opplevde, folk han møtte og om ting han høyrde under turen. Tyrkia er no i nokon grad prega unntakstilstanden som vart innført etter kuppforsøket i juli 2016. Vanlege lover gjeld ikkje, og ingen veit heilt kva som kan skje i morgon. Folk verkar nervøse. Likevel var dei kristne han møtte der nede fulle av optimisme og mot. Dei har sett seg som mål å planta kyrkjelydar i alle byar og landsbyar i landet sitt, og det er med respekt å melda ein svær jobb og eit langt laup. Men ikkje umogeleg på nokon måte. I dag er det 150 protestantiske kyrkjelydar i Tyrkia, og halvparten av byane i landet er dekka. Men kyrkjelydane er små og heilt marginale.

Men at det går framover syner desse tala:  I 1970 var det fem (5) protestantiske kristne i Tyrkia. I dag er det mellom 5 og 6000. Det utgjer 0.008% av befolkninga. Resten er i all hovudsak muslimar. Det er grunn til å tru at jo større den kristne kyrkja blir, jo større press vil ho bli utsett for. Dei tyrkiske truande ser ikkje for seg ei framtid utan forfølging og liding.

Men i vår tid har me gleda av å sjå at det veks fram ei kristen kyrkje att i det området der det heile på mange vis starta. Men dei truande lever under press alt i dag. Ingen vert kristne utan å betala ein pris for det. Svært mange vert t.d. ekskluderte frå familiane sine, det einaste nettverket dei har, og andre misser jobben. Fordi det er slik, tenkjer folk seg grundig om før dei let seg døypa, og kyrkjelydane legg stor vekt å på fungera som familiar, og det sosiale livet er sterkt.

I Tyrkia fekk eg høyra mange sterke historiar om folk som hadde møtt Gud på ein slik måte at det var umogeleg å koma utanom han, og på gudstenesta søndag kan alle som ønskjer det få del i nokre av desse forteljingane.

VELKOMEN I BJELLANDSVEGEN 51 SØNDAG 19.MARS KLOKKA 11.

Frontpartiet på den nye kyrkja i Antalya. Framfor inngangen ser du frå venstre: Gunnar Dehli, pastor Erkan, pastor Ramazan og Jan-Eivind Viumdal

 

Gudsteneste søndag 12.mars. Tema: «Elsk fiendane dine!»

Marit Helene Aas

Denne søndagen er det Marit Helene Aas som skal tala. Temaet hennar er «Elsk fiendane dykkar,» viktig og utfordrande for einkvar.

Vel møtt til fellesskap!

Tale 5. mars. «Lys og salt». Pastor Jens Thoresen

http://www.mediafire.com/file/qkp5d8dpiqhuup0/Tale_5.mars._J._Thoresen._Lys_og_salt.WAV

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?