Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

april 2017Monthly Archives

Konfirmant i strålande sol

Juliana i den fine, nye bunaden sin

Det vart ein fantastisk fin konfirmasjonsdag for Juliana Mohammad i dag. Strålande sol, om enn litt kaldt i lufta. Det var god stemning frå start til slutt. Gjestene var i godt humør, som seg hør og bør, og Juliana svarte elegant på alle spørsmål ho fekk om den kristne trua frå pastor Jens Thoresen, og på festen etterpå talte ho som ein prest.

Det var ho ikkje åleine om. Ho fekk mange fine helsingar, og spesielt gjorde det veninna Lea sa, inntrykk både på Juliana og alle som var til stades. Det var gode ord frå hjarta.

Her er ein oppsummering av talen søndag
http://www.mediafire.com/file/p81lzu33awawhio/Efesarbrevet_2%2C8-10.m4a

 

Familien på eitt brett: Frå venstre veslesøster Mirjam, mamma Fahima, Juliana og pappa Mostafa

Her er alle gjestene samla på kyrkjetrappa

Konfirmasjon i Kristkyrkja søndag 30. april

Komande søndag blir det konfirmasjon i Kristkyrkja. Det er Juliana Mohammad som skal konfirmerast. Ho har i laupet av dette siste skuleåret fått opplæring i dei grunnleggjande kristne sanningane, og me har snakka mykje om kva det vil seia å leva som kristen. Under gudstenesta vil ho sjølv fortelja litt om kva dette året har betydd for henne. Elles vert det eit rikhaldig program. VEL MØTT TIL ALLE!

Dagens tale

Lytt til dagens tale. Gro Jansson talte innsiktsfullt og opplysande om Emmausvandrarane.
http://www.mediafire.com/file/20vmmbqgytdiewg/Gro%2C_23.april.mp3

Gudsteneste søndag 23.april

Komande søndag er du hjarteleg velkomen med alle dine til gudsteneste i Kristkyrkja kl. 11. Det er Gro Janson som skal tala denne søndagen, og det gleder me oss til. Har du sjansen, må du få dette med deg.

Elles vert det som vanleg lovsong, søndagsskule og nattverd. Vel møtt!

Langfredagstale

http://www.mediafire.com/file/156myqva7482qd5/Langfredag_2017_1.mp3

Palmesøndag med kraftige hosiannarop

Palmlesøndagsevangeliet inviterer til drama, og Annbjørg R Notland fekk sanneleg barna i sving. Det vart veifta med palmegreiner naturlegvis, Jesus, disiplane var på plass, og ikkje minst eselet. Og barna song til Jesu ære så det runga i veggene: «Hosianna! Kongen toger inn, for å vise sin herlighet.»

I det heile synte barna veg i lovsongen i dag. James og Magnus leida første delen, og det var kraftfullt og imponerande. Takk også til Knut og Ingvild Nordfonn som er så flinke å aktivisera dei unge.

Pastor Jens Thoresen talte ut frå Matteus 21,1-11, og denne talen kan du lytta til her:
http://www.mediafire.com/file/8n0doqtdf5kg6pq/Palmes%C3%83%C2%B8ndag_2017._Matteus_21%2C1-11._Jens_Thoresen.mp3


Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?