Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Om oss…

Kva Kristkyrkja trur på og går for….

  • Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord.
  • Målet vårt er å gjera høgt elska menneske til overgjevne etterfølgjarar av Jesus Kristus.
  • Me ser på Bibelen som Guds pålitelege og forpliktande ord.
  • Me byggjer kyrkjelyden på det Bibelen lærer om kva Gud har gjort gjennom Jesus Kristus for å frelsa oss frå syndene våre og gjera oss til borgarar av sitt fullkomne rike.
  • Grunnpilarane for livet i kyrkjelyden er bøn, forkynninga av Guds ord og fellesskap.
  • Saman skal me arbeida for at den glade bodskapen om Jesus skal bli gjort kjent for flest mogeleg menneske.
  • Kyrkjelyden skal også vera eit omsorgsfellesskap. Jesus sa til læresveinane sine: «Slik som eg har elska dykk, skal de elska kvarandre.» Johannes 13:34
  • Alle døypte som trur på Jesus er velkomne som medlemmer i kyrkjelyden.
  • Truande som ikkje er døypte, kan verta medlemmer gjennom dåp.
  • Me trur at dåpen sameinar den truande med Jesus Kristus og hans frelsesverk, og at barn treng dåp like mykje som vaksne.
  • Me trur at Jesus Kristus er den einaste vegen til Gud, og at alle døypte som trur på han er Guds barn og tilhøyrer Guds familie.
  • Me trur at alle kristne er frelst og døypt til nært og forpliktande fellesskap med andre truande. Kristne som vil vera i Guds plan med liva sine må difor ta del i det indre livet i ein kyrkjelyd.
  • Kyrkjelyden er karismatisk, og me ber om at alle skal verta fylte av Den Heilage Ande og bli utrusta med overnaturlege nådegåver.
  • Kyrkjelyden er økumenisk. Me kjenner på ei djup forplikting til å søkja samarbeid og fellesskap med alle kyrkjelydar på Stord.
  • Kyrkjelyden vert til dagleg leida av eit eldsteråd og eit diakonråd. Saman utgjer dei kyrkjelyden sitt styre.
  • Eldsterådet har eit hovudansvar for medlemmene sitt åndelege liv og for kyrkjelyden sin innsats for å nå ut til nye menneske. Diakonane for praktiske, administrative og økonomiske saker.
  • Medlemsmøtet er kyrkjelyden sitt høgste organ.

Kristkyrkja er registrert i Brønnøysundsregistrane under organisasjonsnummer: 971243953

Kvar finn ein Kristkyrkja på Stord?
Me har våre gudstjenester på Bjelland bedehus, Bjellandsvegen 51.

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?