Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

mars 2019Monthly Archives

Dagens tale om Salme 122.

Fin gudsteneste i dag med minnestund for far til Polina Ilieva

Iliya Stefanov Petrov, far til Poli og bestefar til Nikolet og Johannes, døydde den 15 mars heime i den bulgarske byen Veliko Tarnovo. I dag markerte me hans bortgang med ei minnestund under gudstenesta.

Polina flankert av Johannes og Nikolet. Polina ber på bilete av faren saman med mora og Johannes

Vidare har me fått oss eit nytt medlem. Ho heiter Siti Nysæther og er opprinneleg frå Bali. Eit flott tilskot til Kristkyrkjefamilien.

Bli kjent med Gud, del 12. Tema: GUD ER HEILAG.

Dei andre leksjonane i dette kurset finn du ved å trykka på skillearket øvst på sida merka «Grunnkurs i kristen tru og liv»

Neste gudsteneste blir 31.mars.

På gudstenesta søndag 31.mars vil pastor Jens Thoresen undervisa ut frå Salme 122. Det er ei salme som israelittane sang medan dei tre gonger om året gjekk opp til Jerusalem for å feira påske, pinse eller lauvhyttefest. Desse salmane handlar om verdien av fellesskapet mellom truande menneske, og om Guds store truskap mot barna sine. Det vil naturlegvis bli reflektert i talen søndag. Vel møtt til alle!

Gudsteneste 17.mars kl 11.

Komande søndag er det Tone Reinertsen Hellesøy som skal tala. Teksten ho skal tala over er Salme 121. Me ønskjer alle hjarteleg velkomen til gudsteneste.

Etter gudstenesta blir det ÅRSMØTE m/kaffi og litt å bita i.

Gudsteneste søndag 10.mars. «Hausten er stor!».

 På gudstenesta søndag er temaet: «Hausten er stor!» Hausten er alle menneske som står utanfor samfunnet med Gud. Dei er mange, og dei er på ulike plassar i sitt høve til Gud. Men nokre er alltid mogne for innhausting, mogne for evangeliet, klare for Jesus, om du vil. Slik er det på Stord, og i Noreg. Men ser me utover i verda, må me konkludera med at av over 7 milliardar menneske er det omlag 700 millionar, altså 10% som kjenner Jesus. «Hausten er stor,» sa Jesus, «men det er få haustarbeidarar.» Slik sett utfordrar han oss denne søndagen, men han stiller ikkje berre med utfordring, han kjem også med kraft, autoritet, kjærleik og inspirasjon. Det skal snakka meir om på søndag. Vel møtt!

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?