Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

april 2018Monthly Archives

Tale 29.april, sterkt revidert utgåve

http://www.mediafire.com/file/uifh56swd7wrz86/1._Peter_2%2C1-5_og_9.wav

Søndag 29.april: Gudsteneste. Tema «Levande steinar»

Komande søndag, den 29.april blir det gudsteneste kl. 11. Då er det pastor Jens Thoresen som skal tala, og emnet vert «Levande steinar» ut frå teksten i 1.Peters brev 2,4. Då Jesus reiste til himmelen, etterlet han seg eit FELLESSKAP som skulle fullføra det han hadde starta på. Jesus hadde betalt prisen for alle menneskes frelse, men det var fellesskapet hans, KYRKJA, som skulle informera menneska om at alt var gjort opp for, og som skulle invitera alle menneske inn i Guds familie, inn i ein personleg relasjon med Far og som skulle gje dei ein forsmak på det som Bibelen kallar «kreftene frå den komande verda», som det står i Hebrearbrevet 6,5. 

Elles blir det som vanleg lovsong, søndagsskule og nattverd. I tillegg kaffi, kaker og sosialt fellesskap i etterkant 🙂 Vel mott til alle.

Jubelhelg med Martin Cave og teamet hans

Med ein Martin Cave i storform, og med forventningsfulle folk som hungra etter meir av Gud, vart denne helga ein suksess. Tema var GUDS GODHET TILGJENGELEG, og han gnei det godt inn at kyrkja sitt einaste kall i verda er akkurat å gjera dette: Guds godhet tilgjengeleg for alle. Anten ein driv misjon i framande kulturar eller går med boller til ein nabo som er blitt alvorleg sjuk, så handlar det om å møta folks utfordringar med Guds godhet, og at denne godheten har kraft i seg til å føra folk til Gud og transformera liva deira og bryta dei destruktive kreftene som herjar med dei.

Talane kan du lytta til i bloggen før denne.

Linken under fører deg til ein presentasjon der du finn fleire bilete frå det som skjedde i helga.

Fellesmøtene 20.-22.april 2018

Møtehelg. Talar.

http://www.mediafire.com/file/7awpenbb76dbp61/2018-04-22_-_Martin_Cave_-_S%C3%B8ndags_formidag.mp3

http://www.mediafire.com/file/dwqcupguj61s36y/Martin_Cave._21.april._det_2.wav

http://www.mediafire.com/file/i40g7w1734figdo/Martin_Cave_21.april%2C_f%C3%B8remiddag.wav

http://www.mediafire.com/file/k5p6q68zvr2so9p/Missio_Dei._Martin_Cave._20.april_2018.wav

Lytt til når Gro Janson talar over Johannes 20,19-23

http://www.mediafire.com/file/1y4dmxod273wej3/Gro._Johannes_20%2C19-23.wav

20.-22. april: Felleskristne INSPIRASJONSMØTER med Martin Cave.

20.-22.april blir det INSPIRASJONSMØTER  i Frelsesarmeen sine lokaler i Vidstenvegen, med pastor Martin Cave som hovudtalar.  Forutan Kristkyrkja og Frelsesarmeen er det Stord Bibelsenter, Stord indremisjon og Den Frie Evangeliske Forsamling Eben Ezer som går saman om desse møtene. Me har store og gode forventningar. Tema for helga: GUDS GODHET TILGJENGELEG.

Program for helga:

FREDAG: Møte kl. 19.

LAURDAG: Møte kl. 11 og kl. 19

SØNDAG: Gudsteneste kl 11

Det blir kollekt på alle møtene.

Vedrørande parkering: Det vil vera nokre parkeringsplassar ved Frelsesarmeen sine lokaler, elles oppmodar me folk om å bruka parkeringshuset rett over vegen for Frelsesarmeen. Det er også høve å parkera i Sæ.

Martin Cave er pastor i IMI-kirken i Stavanger. Gjennom mange år har han leida denne kyrkja til å bli ein av dei største og mest vitale kyrkjelydane i Noreg, og dei har fått ein unik posisjon som inspiratorar både for kyrkjelydar innan Den norske kyrkja, kyrkja sine lekmannsorganisasjonar og dei mange frikyrkjene i dette landet.

 

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?