Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

oktober 2018Monthly Archives

Evangeliseringsnatt i flott vintervær

Marit Helene Aas og Marie Notland var godt kledd då dei saman eit par andre frå Kristkyrkja var ute på torget natt til søndag for å dela både åndelege og fysiske goder med folk. Det vart ikkje dei djupe og gode samtalane denne gongen, men folk var glade for varm kaffi og verdas beste lappekaker.

Gudsteneste med hausttakkefest 28. okt

Søndag inviterer me til gudsteneste med hausttakkefest. Då feirar me først gudsteneste saman med barnesongar, lovsong, nattverd og tale (som denne gongen blir nokre raske skissar ut frå Salme 18,1-7). Så kjem det frukt og grønt på bordet, og me nyt Guds velsigningar medan me deler med kvarandre alt godt Gud har gjort for oss det siste året. Vel møtt kl. 11.00.

Godt og nyttig seminar om psykisk helse 20.-21.oktober med Sigbjørn Vindheim

Det var både inspirerande og lærerikt å lytta til Sigbjørn Vindheim i helga. Han fletta psykiatrisk forskning og bodskapen i Bibelen saman på ein fin måte for oss. Kjekt også å vera saman med Sagvåg indremisjon. Ein flott gjeng det. Vil du lytta til undervisninga, klikk deg inn på skillearket «psykisk helse» øvst på sida.  

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?