Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

juni 2016Monthly Archives

Neste gudsteneste i Kristkyrkja vert søndag 14.august

Pga endring i ferieplanar, blir den første gudstenesta den 14.august i staden for den 7.
Tema for gudstenesta blir «Jesus, den eneste!» Undervisning ut frå Hebrearbrevet 1,1-4.
Alle er då hjartaleg velkomen!

Reservetale 19.juni

Til vår alles store skuffelse vart Majeed hindra i å koma til Noreg i helga, så me måtte til med ei reserveløysing. Likevel: Gud er inderleg god, og han let oss få ei fin gudsteneste saman. Inderleg lovsong leida av Stord Bibelsenter, og ein tale av pastor Jens Thoresen, som mange opplevde opplysande og fin.

Her er talen 🙂 http://www.mediafire.com/download/ey89tz82w91kziv/2016.06.19_J.Thoresen%2C._Johannes_15%2C1-8.mp3


Marit Helene Aas sin tale søndag 12.juni. Tema: Anden herleggjer Jesus

http://www.mediafire.com/download/d34l2pawcfypvxg/2016.06.12._Marit_H_Aas._%C3%85nden_herliggj%C3%B8r_Jesus.WAV

Denne talen skal du ta deg tid å lytta til. Solid, opplysande og varm undervisning om Anden si mest sentrale oppgåve som handlar om å løfta opp og herleggjera Jesus for oss menneske.

Marit 50 år

Tale av pastor Jens Thoresen på Solgry 5. juni 2016. Tekst: Salme 145,1-9

http://www.mediafire.com/download/hwo457oxyznmny4/Tale_Solgry_2016.WAV

Fantastisk helg på Solgry

Solgry 2016 gruppebilete

Dei 51 som var samla på Solgry 3.-5. juni fekk ei på alle måtar fantastisk helg. Været var praktfullt, fellesskapet sterkt og humøret på topp nesten heile tida hos alle. Programmet var variert. Me hadde møter både for barn og vaksne, fotballturenring, bading, padling, go-cartkøyring og ein utruleg morosam «talentiade» laurdag kveld sett i scene av Kristin Sundfør. Heilt topp. Her er nokre inntrykk: Kanotur Solgry 2016

Kanopadling er ein kjær aktivitet på Solgry

DSC00511

Likeeins Go-cartkøyring

DSC_0023Natalie og Frida Sofie reliar saman

Jan Helge har barnesamlingJan Helge Halleraker  underviser om korleis me kan bygga Guds rike på ein god måte.

 Jenter syner rørslerElisabeth, Linn Elise, Anna , Ada og Louise illustrerer ein song med rørsler

Fråsegn om ekteskapet

I samband med at kyrkjemøtet i Den norske kyrkja har vedteke at det skal innførast vigsel for likekjønna par, har leiingane i Kristkyrkja og Den Frie Evangeliske Forsamling kome med ei fråsegn. Her slår dei fast at all homoseksuell aktivitet er synd mot Gud og medemenneske, og at all seksuell aktivitet mellom menneske har sin plass innafor ekteskapet mellom èin mann og èi kvinne.

Heile fråsegna kan du lesa her: Bibelen, Den norske kyrkja og ekteskapet

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?