Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

januar 2019Monthly Archives

Gudsteneste komande søndag, 20.januar kl 11

Komande søndag er det Knut Arve Nordfonn som skal tala på gudstenesta. Han skal ta for seg den sterke bodskapen me kan lesa i Salme 25,4-9. Velkomen i fellesskapet.

Dagens tale. Marit Helene Aas. «Kall til oppbrot og etterfølging». Matteus 9,9-13


Vel verd å lytta til.

Gudsteneste søndag 13.januar kl 11

Søndag er det Marit Helene Aas som skal tala. Emnet hennar er henta frå Matteusevangeliet 9,9-13 då Jesus nettopp kalla Matteus, evangelisten, til å bli hans læresvein.  Det er ein fin og viktig tekst. Å vera kristen er jo «å følgja Jesus» og læra av han. Det er eit spennande liv, og ingen dag er lik for ein som er saman med Jesus. Lovsongen tek Ingvild og Knut Nordfonn seg av. Som vanleg feirar me nattverd, og det blir søndagsskule for barna, og det er Annbjørg N Reinertsen som tek seg av denne.  Vel møtt til alle  🙂 !

Tale 6.januar. Salme 29. Pastor Jens Thoresen

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?