Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Takkebøn

Eg takkar og prisar deg kjærlege Far, du som skapte meg til samfunn med deg sjølv, for at eg, med heile meg, skal fryda meg i deg og lova og æra deg til evig tid, du, den einaste sanne Gud, som lever og råder frå æva og til æva. Amen!

Heilag er du, nådig og mild, langmodig og rik på miskunn, god mot alle, miskunnsam mot alle dine skapningar.

Fuglane under himmelen, liljene på marka, dyra i skogen, alt har du omsorg for, men aller mest for oss, dine barn, som du skapte i ditt bilete for å råda over dei alle.

Ditt rike står gjennom alle tider, ditt herrevelde varer frå ætt til ætt.

Du støttar kvar den som fell og reiser alle nedbøygde opp.

Alle vender augo ventande til deg, og du gjev dei mat i rette tid.

Du opnar di hand og mettar alt som lever med det som godt er.

I kjærleik og av nåde sende du Sonen din, Jesus, til verda, for at me ved å tru på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.

All makt og styrke, rikdom, kunnskap og visdom tilhøyrer Han som sit ved di høgra hand, han som du sette til arving over alle ting.

Gjennom dåp og tru har du gjort oss til dine barn, og fødd oss på nytt ved Den Heilage Ande, fylt oss med hans kraft og sendt oss ut for å vera dine vitner der me bur og like til endane av jorda.

Der me går rekker du ut di hand slik at under og teikn skje i vår Herre Jesu Kristi namn.

Med stor makt og velde fria du folket ditt, Israel ut av slaveriet i Egypt, og førte det gjennom øydemarka  til det lova landet.

Slik har du også trufast fridd oss frå våre synder, frå dødens og djevelens makt, ikkje med gull eller sølv, men med Jesu dyre blod og hans skuldlause liding og død, og gjort oss reine og rettferdige for deg.

Dette har du gjort for at me skal tilhøya han, og tena han i evig rettferd, skuldløyse og sæla.

Slik du førte Israel gjennom øydemarka, slik leier du også oss gjennom denne ufruktbare, fortapte og fordømte verda, og der me går, spring det fram nye kjelder,  og tørre marker vert til fruktbart land når me dekker dei med kunnskapen om din herlegdom.

Slik skal ætt etter ætt skal prisa di gjerning og fortelja om dei storverk du gjer.

Dei skal tala om din herlege majestet, om di veldige kraft, så menneska skal kjenna ditt velde og den strålande herlegdomen i ditt rike.

Eg lovar deg, kjærlege Far, du som saman med Sonen og Anden lever og råder, ein sann Gud, frå æva og til æva. Amen!

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?